Hopp til innhold

– Jorda vart dyrka for godt over 4000 år sidan!

Mange har sett dei, men få veit kva arkeologane ved E39 langs Jølstravatnet er i ferd med å grave fram.

Ved E39 langs Jølstravatnet vert det i desse dagar gjort oppsiktsvekkjande funn. Allereie i steinalderen busette folk seg i skråningane ned mot vatnet, og Jølster vart det tettast befolka jordbruksområdet i fylket. Godt gøymt under bøane har arkeologar grave fram små skåler og kokekar, restar etter eldstader og busetnad.
Ein 11 km lang trase skal undersøkjast før det blir bygd ny E39 mellom Skei og Bjørset.

Historiske spor etter busetnad langs vatnet endrar lokalhistoria. Reporter: Stine Kyrkjebø Johansen. Foto: Steinar Lote.

– Har ikkje peiling. Eg har høyrt at dei har funne noko, men eg har inga aning, seier Reidar Svalheim.

Heller ikkje Dagrun Bøthun Åmot veit mykje om kva dei driv med.

– Dei grev fram gamle ting frå gamle dagar, reknar eg med.

Historiske funn

Utgravingar langs Jølstravatnet

HISTORISK: Arkeolog Charlotte Mundal over eit funn.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Nyleg gjorde arkeologane funn som endrar tidlegare kunnskap.

– Dei eldste spora vi har her er frå slutten av steinalderen, og viser at jorda vart dyrka for godt over 4000 år sidan!

No meiner arkeologane folk har budd ved Jølstravatnet like lenge som folk har budd langs kysten.

Trond Linge er utgravingsleiar på strekninga. Han fortel at dei har funne spor av busetting frå bronsealderen. Funna syner at det har budd folk i strandsona langs Jølstravatnet dei aller fleste fasar fram til mellomalderen.

– Vi har også funne kokegroper. Dei viser tilbake til ein form for rituell aktivitet i jernalderen, for 1500 år sidan, seier Linge entusiastisk.

Han tykkjer det er spesielt spanande fordi dette er eit område arkeologane har hatt lite konkret kjennskap til. No får dei fram mykje, og dokumentert mykje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Linge og Berit Gjerland

OPPGLØDDE: Utgravingsleiar Trond Linge og seniorrådgjevar hjå kulturavdelinga i fylkeskommunen, Berit Gjerdal, meiner funna endrar lokalhistoria.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Endrar lokalhistoria

Fylkeskommunen byrja allereie i 2010 med undersøkingar for å finne ut om det kunne vere noko i området. Då fekk dei planar frå Statens vegvesen om utviding av E39. Undersøkingane gav dei rundt 25 stader der det kunne vere spor etter busetnad og jordbruk.

Arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen står for sjølve jobben.

Langs vatnet har dei funne fleire stolpehol. No reinsar dei funna, og skal finne ut korleis desse stolpehola hang saman og forma langhus.

Langhus vart i hovudsak brukt frå steinalderen til mellomalderen, og hadde ofte menneske i ein del og husdyr i den andre. Dei var vanlegvis mellom 20 og 30 meter lange, men nokre var heilt opp i 80 meter. I breidda var dei ofte mellom åtte og ni meter.

Dagrun Bøthun Åmot

LITT FANTASTISK: Men er det ikkje naturleg, spør Åmot.

Foto: Steinar Lote / NRK

Seniorrådgjevar hjå kulturavdelinga i fylkeskommunen, Berit Gjerdal, er oppglødd over resultatet av utgravingane.

– Dette er veldig spanande. Vi skriv ny historie!

– Funna syner at det har vore ganske tett gardsbusetnad tilbake i jernalderen. Dei skriftlege kjeldene går berre tilbake til 15- eller 1600-talet, seier Gjerdal, som meiner kunnskapen endrar lokalhistoria.

– Gardane det står om i dei tidlegaste skriftlege kjeldene var dyrka mykje tidlegare også.

Fatta lokalbefolkning

Dei 25 felta over elleve kilometer langs heile vatnet må undersøkast før bygginga av ny E39 kan starte.

Lokalbefolkninga tek ikkje akkurat av etter å ha blitt fortalt om dei historiske funna til arkeologane.

– Det er jo litt fantastisk. Men det er vel heilt naturleg at det har budd folk her før oss, spør Dagrun Bøthun Åmot.

Utgravingar langs Jølstravatnet

25 FELT: Før E39 kan byggast skal arkeologar frå Universitetsmuseet undersøke mange slike felt på ei strekning på 26 kilometer langs Jølstravatnet.

Foto: Steinar Lote / NRK