Hopp til innhold

Historisk sigersrekkje rauk på overtid

FOSSHAUGANE (NRK): Kristian Fardal Opseth og Sogndal såg ut til å slita seg til den åttande tre-poengaren på rad, men ei Jerv-kanonkule i det 91. minuttet stoppa ei sigersrekkje, som ville ha gått inn i historiebøkene.

Sigeren glapp på overtid

BERRE NESTEN HISTORISK: Målet til Sogndal-spiss Kristian Fardal Opseth såg lenge ut til å sikra Sogndal sin åttande siger på rad.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det bryr eg meg ingenting om, er Sogndal-trenar Eirik Bakke sin kommentar til at sigersrekkja rauk på overtid, før han utdjupar:

– Me har sjølvsagt lyst til å vinna både 10, 11 og 12 kampar på rad, men rekordar er eg ikkje oppteken av.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Bakke etter kampen

IMPONERT OVER INNSATSEN, TRASS POENGTAP: – Me er skuffa, men det er ingen grunn til å grava seg ned, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke etter 1-1 mot Jerv.

– Surt

Med den allereie så smått legendariske 4-0-sigeren over Brann i Bergen sist søndag tangerte Sogndal klubben si lengste sigersrekkje frå jubelsesongen i 2000.

Sjokktapet mot Levanger blei nemleg ein vekkjar for serieleiaren i 1. divisjon, og sju strake sigrar seinare skulle Sogndal i kveld smadra rekorden på heimebane mot Jerv, men den åttande tre-poengaren glapp på overtid:

Like etter at Sogndals Eirik Skaasheim hadde brent ein grandios sjanse åleine med Jerv-keeperen, sendte Nils Petter Andersen på bortelaget av garde ei kanonkule frå 30 meter, som gjekk via Sogndal-stoppar Christophe Psyche og i mål.

Det hadde vore moro å få den rekorden, men fyrst og fremst er det seigt å missa to poeng på denne måten, seier Sogndal-kaptein Rune Bolseth, som er den einaste på dagens lag som òg var med for femten år sidan.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Bolseth etter kampen

HADDE LYST PÅ REKORDEN: Kaptein Rune Bolseth var òg med på det Sogndal-laget som vann sju sigrar på rad i 2000.

– Ingen grunn til å grava seg ned

Tremålshelten frå Brann-kampen, Kristian Fardal Opseth, såg lenge ut til å ha sikra Sogndal ein slitesiger med 1-0-skåringa i det 52. minuttet. Sjølv om det ikkje gjekk slik, gir likevel ikkje kaupingen opp håpet om rekord denne sesongen:

– Det er absolutt mogleg, så lenge det er att nok kampar, men for å vera ærleg er eg ikkje så altfor oppteken av det. No handlar det om å revansjera oss mot Hødd på laurdag.

Også Sogndal-trenar Bakke har festa blikket mot neste heimekamp:

– Me er skuffa, men det er ingen grunn til å grava seg ned. Sjølv om me må opp fleire hakk mot Hødd, er eg imponert over den innsatsen gutane legg ned i kveld.

Laster innhold, vennligst vent..