Hopp til innhold

Historisk overskot for NTP

Bedrifta Avery Dennison NTP i Gaupne leverte i fjor eit overskot på 17,7 millionar kroner før skatt. Dette er dei dobling frå 2014 og fem gonger betre enn i 2013, skriv bedrifta i ei pressemelding. NTP driv med merking og trykk av mellom anna sports- og arbeidsklede. Dei har mellom anna levert drakter til det norske fotballandslaget og både norske, engelske og spanske fotballklubbar.

Fotballdrakter frå Avery Dennison NTP
Foto: Vidar Gudvangen / NRK