Hopp til innhold

Historisk NM-lag i skihopping

For fyrste gong i skikrinsen si historie stiller Sogn og Fjordane lag i laghopp-konkurransen i senior NM.

Akseli Kokkonen

Akseli Kokkonen er ein av hopparane på det historiske NM-laget.

Foto: Einar Løken

NM hopp 2010 normalbakke går av stabelen i Vikersund Hoppsenter 26. - 28. mars. Aldri før har fylket stilt med NM-lag.

Fannemel erstattar Fannemel

Dei historiske hopparane er:

  • Stig Morten Fredheim, Hafslo IL
  • Marius Holen Nygaard, IL Veten
  • Akseli Kokkonen, Stårheim IL
  • Lorentz Fannemel, Hornindal IL


16-åringen Lorentz Fannemel har fått dispensasjon frå Norges Skiforbund til å hoppa i konkurransen grunna Anders Fannemel (Hornindal IL) sitt skadefråvèr, skriv Sogn og Fjordane skikrins i ei pressemelding.

I NM normalbakke individuelt laurdag 27. mars stiller Fredheim, Holen Nygaard og Kokkonen.