Hopp til innhold

97 år sidan sist Jølstravatnet var så høgt

Berre ein gong i historia har vasstanden i Jølstravatnet vore høgare. Det var i 1917. I dag har vasstanden vore så høg som 208,29 meter over havet.

Helgheim i Jølster

HISTORISK MÅLING: Målingane som er gjort av vasstanden i Jølstravatnet tysdag viser at det er 97 år sidan vatnet var så høgt, ifølgje Sunnfjord Energi.

Foto: Frank Anders Borch Åmot

Det er Sunnfjord Energi sine målingar som syner at dagens nedbørsmengder i Jølstravatnet skriv seg inn i historiebøkene.

Måling av vasstanden i Jølstravatnet har vore gjort sidan 1902, men sidan Sunnfjord Energi starta sine målingar er det berre ein gong vatnet har vore høgare.

Historisk måling

– I dag har vi registrert den nest høgste vasstanden i Jølstravatnet på 97 år. Det seier Olav Osvoll som er beredskapsleiar i Sunnfjord Energi.

For klokka 20 var vasstanden stigande, men i ferd med å flate ut. Likevel var vasstanden då på 208,29 moh. Det er den nest høgaste vasstanden som er målt etter at energiselskapet byrja sine målingar av vasstanden.

– Jølstravatnet er regulert mellom 206,10 og 207,35 moh. Når vatnet passerer 207,35 har ikkje Sunnfjord Energi lov til å regluere vatnet lenger. Men 27.oktober kulminerte Jølstravatnet rundt midnatt på 208,30, det blir då 1,58 meter høgare enn "normal" vasstand.

Høgaste måling vart gjort 28. september 1917 med 208,41 moh.

Dagens vasstand i Jølstravatnet er altså berre 12 centimeter bak den gamle rekorden.

– Klokka 21 var vasstanden målt til 208,30, altså har vatnet stige ein centimeter på ein time.

Truleg ikkje rekord i natt

Men Osvoll trur ikkje det i dag blir nokon rekord i løpet av natta i Jølstravatnet. 11 centimeter er mykje.

– Nei det ser ut som det er i ferd med å flate ut. Regnet kjem i hovudsak sør for Sognefjorden akkurat no.

– Det er vel heller ikkje alle rekordar ein treng å gå for heller, humrar Osvoll.

Andre høge målingar frå Jølstravatnet:

  • 19.10.1913 – 208,25
  • 27.10.1983 – 208,23
  • 11.10.1953 – 208,21
  • 12.09.1942 – 208,18