NRK Meny
Normal

– Skammeleg at det ikkje har vore kvinner før

Årets stortingslister frå Sogn og Fjordane er historiske. Aldri har det stått så mange kvinner på topp. Og to parti debuterer med kvinnekandidatar.

Frida Melvær

96 ÅR UTAN: Frida Melvær er den første kvinna som toppar stortingslista til Høgre i Sogn og Fjordane i partiets 96-årige historie.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi burde kanskje skjemmast litt over å vere så bakpå når det gjeld å ha kvinner på topp, seier Frida Melvær.

Ho stiller på toppen av stortingslista frå Sogn og Fjordane Høgre.

96 år utan kvinner

Partilaget vart stifta i 1921. Det gjekk 96 år før dei fekk si første kvinne på topp.

Melvær har ikkje noko godt svar på kvifor det har teke så lang tid.

– Dette er prosessar med innspel frå lokallag og nominasjonsmøte, som vi berre må respektere. Eg trur ikkje det er medvite. Eg trur det er tilfeldig.

– Det er første gong Frp også stiller med kvinne. Er det noko med høgrepartia?

– Nei, det trur eg ikkje. I resten av landet er det mange kvinnelege toppkandidatar. Og både Høgre og Frp har kvinnelege partileiarar, seier Melvær.

Stortingsvalet 2017 i Sogn og Fjordane er allereie historisk. Aldri har det vore så mange kvinnelege toppkandidatar.

Laster innhold, vennligst vent..

34 år utan kvinner

Britt Dalsbotten

HISTORISK: Britt Dalsbotten er Frp si første toppkvinne i Sogn og Fjordane. Ho synest ikkje kjønn er så interessant i 2017.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg tenkjer slik at i 2017 burde eigentleg ikkje kjønn vere ein del av debatten, seier Britt Dalsbotten.

Ho er også historisk på toppen av Sogn og Fjordane Framstegsparti si stortingsliste.

I 1983 var ho to år gamal. Same året vart partilaget hennar stifta. 34 år seinare fekk dei si første kvinne på topp.

– Det er fordi det var andre som var meir gira på den plassen. Som har vore meir kvalifisert, meir engasjert, og meir eigna for den posisjonen. Det har ingenting med kjønn å gjere.

– Vi har ikkje hatt så mange markante kvinnelege representantar for Frp i Sogn og Fjordane.

Kvinnerekord

Framleis har ikkje noko parti levert inn sine stortingslister til godkjenning. Men NRK er kjent med 10 parti som har hatt nominasjonsmøte.

Av desse har sju valt kvinner på topp. Altså ein kvinnedel på 70 prosent. (Skulle det kome to-tre lister til med berre menn, vil likevel kvinnedelen vere rekordhøg).

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at talet på kvinnelege stortingskandidatar i Norge har vore temmeleg stabilt dei siste åra:

  • 2013: 40,3%
  • 2009: 42,2%
  • 2005: 39,4%
Frida Melvær argumenterer

HERSKETEKNIKKAR: Frida Melvær (H) har vore utsett for hersketeknikkar tidlegare, men meiner det er ein utdøyande skikk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Utdøyande hersketeknikkar

Dei to blå stortingsdebutantane har ulike opplevingar av å vere kvinne i politikken.

Melvær (H) fortel at det var tøft til å begynne med.

– Dei første åra opplevde eg ufine hersketeknikkar retta mot meg som kvinne. No er det ein respektfull tone mellom menn og kvinner. Hersketeknikkar er ein utdøyande trend.

Medan Dalsbotten (Frp) seier ho aldri har opplevd diskriminering.

– Det har vore positivt frå dag éin. Eg vart oppmoda til å engasjere meg. Eg har fått det eg ville av verv, og meir til. Eg har ofte måtte takke nei.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar