Begge spelar om opprykk til 1.divisjon

Årets handballsesong er i ferd med å bli historisk for Sogn og Fjordane. For første gong kjempar nemleg to damehandballlag frå fylket i teten av 2. divisjon.

Jotun Førde

KAMP: Det kan fort bli desse to laga som kjempar om opprykk til 1. divisjon. Begge laga er frå fylket.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Både Førde og Jotun kan vinne avdelinga og spele om opprykk til 1. divisjon.

I helga møtte begge tetrival Årstad frå Bergen dei måtte slå. Jotun vann med heile 16 mål, Førde med 9. Førde ligg dermed i toppen av tabellen med 31 poeng. Og laget frå Øvre Årdal, Jotun, ligg på ein andreplass med 27 poeng og ein kamp mindre spelt enn Førde.

Dermed kan det gå mot seriefinale mellom dei to laga frå Sogn og Fjordane i Førde i mars, men også Bergenslaget Fyllingen er med i kampen.

Viktig siger

Martine Vindeim og Maria Oppedal spelar begge på Førde sitt handballag. No leiar dei serien i 2. divisjon. Dei siste åra har Førde skote fart. Frå å ha låge heilt nede på tabellen i 2. divisjon, er dei no heilt oppe i teten i lag med Jotun.

– Ein 33–24 siger er ikkje så verst. Spesielt når Årstad ligg så høgt oppe, seier Vindheim om søndagens heimekamp.

– Det var ein ganske viktig kamp, eg følte vi var veldig klare før kampen starta, sjølv om vi visste at Jotun vant, så heldt vi fokus og skulle gje alt uansett. Eg følte det var ein god kamp eigentleg, sjølv om tempo kanskje var litt lågt., fortel Oppedal.

– Det viktigaste var at vi vant og fekk to poeng i alle fall, legg ho til.

Lagvenninna Vindheim tykkjer også det er moro å ligge på toppen av tabellen når det no står att tre kampar.

– Ingenting er avgjort enda, vi har tre tøffe kampar igjen. Det blir spennande å sjå kven som blir igjen heilt til slutt, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maria Oppedal og Martine Vindheim

PÅ TOPP: Maria Oppedal og Martine Vindheim på handballaget til Førde seier ingenting er avgjort enda, og har tre tøffe kampar

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Snudde heilt

For nokre år tilbake var ikkje Førde å rekne med i teten i det heile. Handballjentene veit ikkje kva som er årsaka til at det no har snudd.

– Det er vanskeleg å seie, eg trur det er både små og store faktorar som spelar inn. At vi er ein veldig treningsvillig gjeng er nok absolutt noko som teller. Vi har fått meir fokus på styrketrening som spelar ei stor rolle i kampar der det er litt tøffe tak. I tillegg har vi ei målsetjing som alle er inneforstått med. Så vi veit kva vi må jobbe mot for å nå dei måla, seier Oppedal.

Årstad var lett bytte

Jotuntrenar Olafur Sveinsson var ikkje overraska over at Årstad vart så lett bytte både for Førde og Jotun.

– Nei, i grunn ikkje. Årstad stiller med halve laget, så dei mangla ein del av dei rutinerte spelarane som var på laget sist vi spelte mot dei. Dei er flinke, men samanlikna med laget vårt denne helga vart dette ein grei siger, seier Sveinsson.

Om dette betyr at dei vil henge med heilt til slutt, er ikkje trenaren sikker på enda.

– Det får vi vente sjå. Vi er i alle fall med akkurat no, og har tenkt å vere med heilt til slutt.

– Er Jotun gode nok til å rykke opp i 1. divisjon?

– Det veit vi når vi kjem til kvalik, akkurat no er det ikkje så mange lag som er så frykteleg sterke i 2. divisjon.

Førde har breiast stall

Jotun-trenar Olafur Sveinsson

STERKE: Jotun-trenar Olafur Sveinsson.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Han ser fort føre seg at det kan bli seriefinale mot Førde 16. mars i Førde

– Men eg er ikkje så oppteken av det akkurat no, for det er enda ei stund til. Vi har først ein kamp mot Voss, og sist vi spelte mot dei tapte vi, så no fokuserer vi på den kampen.

Jotun-trenaren er i grunn overraska over at ikkje Førde har stukke av med sigeren i avdelinga allereie.

– Førde har den breiaste stallen, dei har det beste grunnlaget for å liggje på topp. Samanliknar ein stallen til Jotun og Førde, så ligg vi langt bak i forhold til talet på spelarar per posisjon, meiner Sveinsson.

Islendingen ynskjer å fornya kontrakten som Jotun-trenar når den går ut 1. mai.

Må halde fokuset

Handballjentene Marie Oppedal og Martine Vindheim er begge einige i Jotun-trenaren som påpeikar at Førde har ein veldig brei stall og at dei har mange å ta av.

– Vi har reserve på alle posisjonar og blir vi skada så har vi nokon som er like gode og kan steppe inn. Så det er absolutt positivt.

Jentene skryt også av trenaren sin, Øyvind Indrebø som blei ny trenar for laget for to år sidan.

– Han har hatt mykje å seie. Både i forhold til trening, kampar og taktikk, seier Oppedal.

No har dei tre kampar igjen. Den som vinn serien går vidare til kvalifiseringsspel til eit eventuelt opprykk til 1. divisjon.

– No må vi halde fokus på dei tre kampane, først mot Stord. Vi må trene godt og fokusere på kampane og ta det som det kjem, seier Vindheim.

– Vi går jo for å vinne kvar kamp vi spelar så om vi kjem til kvalik-runden blir det å gje jarnet og vinne det vi kan vinne, seier Oppedal.