NRK Meny

Historisk få brannar i landbruket

I 2017 var det eit historisk lågt tal på landbruksbrannar, melder Norges Bondelag. I fjor blei 137 driftsbygningar skadde i brann. Det er ein nedgang på tretti prosent samanlikna med dei siste fem åra. Auka satsing på el-kontroll og utbetring feil på elektriske anlegg får æra for nedgangen.

Fjøsbrann i Utskarpen
Foto: Frank Nygård / NRK