NRK Meny
Normal

Har jobba for dette i årevis

Jølster Skyttarlag kunne i dag juble: Etter nærmare 30 år utan skytebane, var 40 skyttarar frå heile fylket samla på den nye skytebana i dag.

Skytebane Jølster

Nestleiar i skyttarlaget, Toralf Årdal, var den einaste som oppnådde 350 poeng, og skaut fullt hus på 100-meter. På den store dagen vart det skote både 100- og 200-meter.

Foto: Arne Håheim

– Dette er ein stor dag, og ein milepæl for oss, jublar leiar i skyttarlaget, Per Raftevold.

I dag arrangerte dei eit prøvestemne, utanfor terminplanen for skyttarstemne i fylket. Tilbakemeldingane var over all forventning, seier Raftevold.

– Ja, dette må vere bestått pluss. Vi fekk testa anlegget og oss sjølve. Det gjekk veldig bra. Dei som skaut var imponert over anlegget. Ein frå Nordfjord, sa det var som å kome til eit hotell i forhold til andre banar.

Lang veg fram til målet

Sjølve bygginga av skytebana i Myklebustdalen i Jølster har teke to år. Men prosessen fram til prøvestemnet i oktober 2014 har vore lenger. Mykje lenger.

– Dette har vi jobba med i mange år, og det har vore mange skytebaneutval gjennom åra. Det var vel rundt år 2000 det vart bestemt at vi skulle byggje, seier Raftevold.

Den noverande leiaren i skyttarlaget har vore med i styret sidan 2004. Ein gong i tida hadde dei to skytebanar. Ein gjekk med i eit ras, og ein annan forsvann også inn i historia.

Dei har hatt ei bane i Stardalen, men denne vert berre nytta i juli og august, og er berre til jegerprøve og litt trening.

Meir arbeid og fleire milepælar står att

Det er difor leiaren i skyttarlaget kallar det ein stor dag og ein milepæl. Framleis står noko arbeid att. Elgbana er nesten ferdig, medan leirduebana ikkje er finansiert.

– Vi er ikkje heilt i mål. Både lokale folk, stiftingar og kommunen har bidrege, og frå neste år vil vi få spelemidlar, seier Raftevold.

Neste år vil dei også nå ein del nye milepælar.

– Vi er allereie kome inn på neste års terminliste, og vil då halde eit ordinært stemne. Og til våren vert det offisiell opningsdag, seier ein glad skyttarlagsleiar.