Hopp til innhold

Historia om kjæresteparet utan vaskevatn

Humoristen Jens Brekke samanliknar heftet Illustert Tyleskap med høymol og skvalderkål. Har den først røta seg, vert det berre verre ...

Jens Brekke er ute med sitt 15. "Illustrert tyleskap".
Her kjem han med ei av røvarhistoriane under juleselskapet på Fjordamattunet 10. desember 2015.

SJÅ VIDEO: Jens Brekke får heile gjengen til å bryte ut i latter. Her fortel han om kjæresteparet utan vaskevatn.

Den tidlegare læraren frå Vik er kjend som ein god forteljar med eit blomstrande sognamål. Han har gjennom ei årrekkje fanga opp gode historier over heile Sogn.

– Folk var meir fargerike og ordleggje seg før. Det var ein kunst dei dyrka, gamlingane, seier Jens Brekke.

Kvart år i 15 år har han samla fargerike skildringar i eit eige hefte, illustrasjonane er laga av songar og potetdyrkar Ola Bremnes. Skribenten sjølv omtalar seg som sogning og potetopptakar.

I år kom heftet ut for 15. gong. Der får du blant anna historia om kjærastane som ikkje hadde vaskevatn. Sjå videoen!