Historia om ei avverja fredagstacokrise

FØRDE (NRK): Hylle etter hylle i Coop-butikkar over heile landet stod tomme for ein ting: Kjøtdeig. Coop hadde to dagar på seg til å redde fredagstacoen.

Tomme hyller i Førde

TOMME HYLLER: Ingen kjøtdeig på Coop Mega Førde sidan laurdag.

Foto: NRK-TIPSAR

Det byrja med rykte. Ingen kjøtdeig?

Så bevis, i biletform. I kommentarfelt på Facebook kunne ein sjå butikkhyller heilt tomme for kjøtdeig. Og lappar med orsakingar:

«Leverandør tom for diverse kjøttdeig! Vi beklager dette.»

«På grunn av dårlig tilgang til råvarer, er det lite kjøttdeig i butikken vår. Beklager ulempen dette måtte medføre!»

Samstundes ligg det 8000 tonn kjøt på kjølelager i Noreg.

Problemet fanst i Coop-butikkar, men også i REMA 1000-systemet. Svin, kylling, karbonade, og den heilt vanlege – alle typar var borte vekk. På Coop Mega i Førde forsvann dei siste kjøtdeigpakkane på laurdag. Ein ukjend mann karra dei til seg.

– Han kom inn seint på laurdagskvelden, og lurte på om det var tomt for kjøtdeig. Då berga eg kvelden hans med to lammekjøtdeigpakkar og ein karbonadedeig. Han var godt nøgd då han gjekk att, seier Anders Kleiveland, butikksjefen på Coop Mega i Førde.

Jul og ujamne leveransar

Leveranseproblem frå kjøtprodusentane Nortura og Fatland ligg bak stoda.

– Me har vore inne i ei høgtid med mange raude og inneklemde dagar. Då har ikkje bønder fått levert like mykje, og produksjonsapparatet har stått litt stille, seier Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop.

– Men det er berre to dagar att til den store dagen no. Kva ansvar kjenner Coop når det gjeld å redde fredagstacoen til folket?

Kommunikasjonssjefen ler litt nervøst. Han forstår så altfor godt problemet.

– Me veit jo korleis dette er, både du og eg. Når me ikkje finn det me vil i butikkane så blir me ganske sure og irriterte. Når alle gler seg til tacofredag og kjem fram til tomme hyller, då blir det dårleg stemning både i butikk og i heimen.

Han lovar:

– Me gjer alt me kan for å fylle opp hyllene våre.

Kan dei avverje fredagstacokrisa?

To dagar att. NRK besøker Coop Mega Førde i håp om å finne kundar som er urolege for husfreden og tacoen. Kanskje ein og annan som kan forbanne situasjonen. Men historia skal ikkje ta oss dit.

Me rører oss inn dørene, bort mot kjøledisken i hjørnet av butikken. Mange kundar er ute etter lunsj, ikkje storhandel til helga. Og der ser me det:

Kjøtdeig på Coop Mega Førde

KJØLEDISKEN FYLT OPP ATT: Alle tenkelege sortar kjøtdeig finst no å få tak i på Coop Mega i Førde. Fredagstacoen er redda.

Foto: RAYMOND LIDAL / NRK

Krisa er avlyst, fredagstacoen er sikra. Dei tilsette opnar eske etter eske med kjøtdeig. Storfe, svin, kylling, alt finst, seier ferskvaresjefen, Monica Kandal.

– Her ser me kjøtdeig frå Coop og frå Gilde, som me endeleg har fått inn att etter tomme kjølediskar.

Me ringjer kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop ein gong til. Han får siste ordet.

– Dette er veldig godt å høyre. Både leverandørar og tilsette skal ha kjemperos for at alt er klar til tacofredagen, seier han.

Og han ser fram til taco, han òg, men han tek det på måndag.