Hopp til innhold

Hissig og pågåande.

Ein mann i 20-åra er meldt etter å ha blanda seg inn i politiet sitt arbeid i Måløy natt til laurdag, då politiet skulle snakke med ein annan mann. Ungdomen i 20-åra var pågåande og hissig, melder politiet, som til slutt måtte arrestere han. Det er oppretta sak, og Vågsøy lensmannskontor skal etterforske saka.