Hopp til innhold

Hissig natt

Fleire personar har blitt viste vekk frå ulike stader i fylket gjennom natta. Ein person fekk pålegg av politiet om å fjerne seg frå Burger King etter ein krangel med tre andre. I Sogndal oppførte ein ung mann seg hissig mot vektarar. Også han vart vist vekk frå staden av politiet. Ved ein bar i Florø fekk tre personar beskjed om å dra heim. Ein av dei nekta, og blei i staden køyrt heim av politiet og meld for brot mot pålegg. I Aurland kom ein politipatrulje over eit slagsmål rundt 02.30. Ein mann i 50-åra blei pålagd å dra heim. Ingen vart skadde og ingen vart heller melde.