NRK Meny
Normal

Hissig lågtrykk skapar trøbbel for trafikken

Uvêret herjar på Vestlandet og byr på ras, stengde fjellovergangar og ferjesamband som ikkje går.

Mortavika – ferja «Boknafjord»

STOGG I FERJETRAFIKKEN: Fleire ferjer må ligge til kai onsdag kveld i både Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er eit tidlegare bilete frå Mortavika i Rogaland.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Fleire ferjesamband i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er innstilte på grunn av dårleg vêr.

– Vi har i utgangspunktet ikkje noko auka beredskap, men vi er ekstra påpasseleg når det er meldt dårleg vêr, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Det er varsla full storm i vest og i fjellet. Meteorologen åtvarar mot vindkast innover landet på opp til 35 meter i sekundet. Stormen merkast frå Boknafjorden i sør til Sognefjorden i nord.

Blant innstilte ferjer er Våge-Halhjem, Leirvåg-Sløvåg, Skånevik-Matre-Utåker og Dalsøy-Haldorneset.

– Ferjesambandet Dalsøy-Haldorneset i Solund er sjeldan innstilt, så det bles godt. Vi tek fortløpande vurderingar på når våre innstilte samband kan gå igjen, seier Kristoffersen.

I Rogaland melder Norled om innstilte ferjer. Både rute 1 og rute 2 i ferjesambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik er innstilt resten av kvelden på grunn av vêret.

På sambandet Arsvågen – Mortavika har Fjord1 innstilt anløpet til Mortavika på grunn av sterk vind.

Her finn du siste nytt frå trafikken:

Fleire vegar er stengde på grunn av ras

Ras

STORT RAS: Eit snøras stenger vegen fv. 337 i Luster kommune.

Foto: Oddbjørn Molland

På fv. 337 i Sogn sperrar eit snøras vegen mellom Hafslo og Veitastrond. På grunn av rasfare vil Statens vegvesen gjere ny vurdering torsdag kl. 10.

– Snøraset er fem meter høgt og mellom 10 til 15 meter breitt. Det har rasa ved Sundaskreedn, seier Kjetil Molvær, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

I Sogn og Fjordane er fv. 13 ved Vetlefjorden stengd på grunn av eit ras.

På E139 ved Skålnes i Hordaland ligg det stein i vegbana, som sperrar eine køyrefeltet. Ved Bruvik i Osterøy har ein stor stein rasa ut i vegbana.

I Os er fv. 552 Hatvikvegen stengd på grunn av eit tre som sperrar vegen.

Laster Twitter-innhold

Tidlegare på dagen har det blant anna gått snøskred på fv. 152 i Balestrand og på fv. 92 mellom Nese og Vik.

Danskebåten måtte snu

Danskebåten som gjekk frå Bergen onsdag ettermiddag måtte snu ved Langevåg på Bømlo.

– Avgangen frå Risavika til Danmark i kveld er forseinka. No er det 8–10 meter høge bølgjer og 25 sekundmeters vind, og det gjer det vanskeleg å leggje til kai i Stavanger, seier konserndirektør i Fjord Line, Rickard Ternblom.

No må båten gå fram og tilbake.

– Det kan vere som i flytrafikken at ein går litt fram og tilbake og ventar på betre vêr. Meininga er at vi skal ta oss ned mot Haugesund og over Boknafjorden ganske snart. Det normale hadde vore å leggje til kai, men vi har ingen som kan ta imot oss på vegen, seier Ternblom.

Vanskelege køyreforhold på fjellet

Snø og sterk vind gjer at sikta på fjellovergangane i Sør-Noreg er særs dårleg. Det er venta at nedbøren vil ta seg opp i løpet av kvelden. Det er kolonnekøyring fleire stader, samt stengde fjellovergangar.

E6 Dovrefjell: Stengt på grunn av uvêr.

E16 Filefjell: Ope. Store køyretøy bør bruke kjetting.

E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengd på kort varsel.

Rv. 7 Hardangervidda: Stengt på grunn av uvêr.

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering torsdag kl. 10.

Rv. 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Fv. 50 Hol–Aurland: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Stenger kl. 22.

Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote