– Det vil eg ikkje gå så nøye innpå. Me har funne ein god kandidat i Trond Ueland, og eit samla Fylkesutval står bak han, seier Nils P. Støyva, gruppeleiar for Ap på Fylkestinget.
I år er det eit større alvor over valet av representantar til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) enn tidlegare. Nettopp fusjonsstriden i vinter har fått eit etterspel når nye styremedlemmer skal veljast. I den oppheta debatten i vinter kom styret på kant med både næringslivet og sine eige avdelingar i Sunnfjord.
Presset for å få inn slagkraftige representantar frå Sunnfjord og industrien har difor vore betydeleg. Og påtrykket gav resultat då Fylkesutvalet skulle peika ut medlemmer til styret 26. mars.
- Les også:
Etterspel etter fusjonsstrid
– At me datt ned på Trond Ueland, var med bakgrunn i signal me har fått frå Sunnfjord-regionen om at regionen sine interesser ikkje har vore godt nok representerte i høgskulestyret i denne perioden. Ueland har brei erfaring frå fylkesplanlegging, har vore sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, og han har no ein framståande stilling i Førde kommune, grunngir Støyva.
I den siste perioden har Sunnfjord vore representert med Liv Horvei, rektor ved Øyrane vidaregåande skule, og Anne-Grethe Naustdal, som var tilsettrepresentant for Førde til for eitt år sidan då ho blei tilsett som dekan ved HiSF.
Sande vraka av sine eigne
I tillegg til Ueland nemnde fylkesutvalet opp kraftverkssjef i Norsk Hydro i Årdal, Anneli Nesteng, som styremedlem. Valet av henne har det ikkje vore kontroversar rundt i etterkant.
– Nesteng er ein særs dyktig næringslivsrepresentant og kjenner indre Sogn godt, så eg meiner me har kome kritikarane i møte med det Fylkesutvalet har gjort, seier Støyva.
Men med utnemninga av Nesteng og Ueland, forkasta fylkespolitikarane samstundes ei rekkje kvalifiserte kvinner og menn. På førehand hadde politikarane fått ei liste frå HiSF med tolv nominerte kandidatar (sjå faktaboks), blant dei konserndirektør i Sogn og Fjordane Energi og tidlegare mangeårig stortingsrepresentant (Sp), Erling Sande, og banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Men deira breie røynsle frå politikk og næringsliv blei altså vraka, mellom andre av Sande sine eigne partifellar i Senterpartiet.
Lansert over bordet
Fleirtalsfraksjonen med Ap og Senterpartiet ville nemleg heller ha kommunalsjefen Trond Ueland. Han stod ikkje på nominasjonslista, men blei lansert av Ap og Senterpartiet over bordet på møtet. Gruppeleiar for Sp på Fylkestinget, Jenny Følling, forklarar valet av Nesteng og Ueland med eit ønskje om å få industrikunnskap og omsynet til Sunnfjord-interessene inn i HiSF-styret:
– Kraftverkssjef Nesteng si industrierfaring, i kombinasjon med Ueland sine breie kompetanse, blei utslagsgivande. Ueland har utdanninga si frå høgskule og universitet, har gjennom Vestlandsrådet arbeidd mykje med det regionale forskingsrådet og EU-program, og har dessutan bakgrunn som høgskuleførelesar og – sensor og kjenner såleis mange av dei utdanningsprogramma som må heva kvaliteten for sørva næringslivet i framtida, seier Følling.
Sunnfjord jublar
– Eg gler meg over at det er peika ut ein styremedlem som representerer mitt kjerneområde, Sunnfjord, seier dagleg leiar i Sunnfjord næringsutvikling, Jan Støfring, om Ueland.
Støfring var ein av mange i Sunnfjord og i næringslivet som har vore usamde med høgskulestyret. Der styret har stått på sjølvstendelinja, vil næringslivet og sjukepleie- og ingeniørutdanningane i Førde gå til Bergen.
Støfring er forsiktig med å kommentera vrakinga av Erling Sande og Arvid Andenæs, men om kvalifikasjonane deira til styrearbeid har han dette å seia:
– Dei to personane er særs kompetente til å sitja i mange styre. Men sjølve valprosessen skal ikkje eg uttala meg om. Ueland er særs dugande, og som representant for næringslivet i Sunnfjord er eg særs nøgd.
Forkasta politisk tungvektar
Følling ønskjer ikkje å svara direkte på kva det er ved Sande og Andenæs sine kandidaturar som Sp og Ap vurderer å ikkje vera like gode som Nesteng og Ueland.
På spørsmål om det er interne forhold i Senterpartiet som gjorde at Sande blei forkasta, svarar Følling slik:
– Det er det ikkje.
– Og det er du heilt sikker på?
– Ja, det er ikkje med i vurderinga. Me har vurdert kandidatane. Og når meg skulle ha samansetjing av kompetanse, kjønn og regional spreiing, blei dette fylkesutvalet sitt vedtak.
Erling Sande og Arvid Andenæs ønskjer ikkje å kommentera saka.