NRK Meny
Normal

Eit skot for baugen for sjølvstendelinja

Høgskulen i Sogn og Fjordane får ikkje til eit nytt og tettare samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskulen i Bergen om lærarutdanninga. Det kan vera dårleg nytt for høgskulen, som håpar på eit omfattande Vestlands-samarbeid, for å unngå fusjon.

Rasmus Stokke vert ny rektor

KREVJANDE: Manglande fusjonsavklaring gjer det vanskeleg for rektor Rasmus Stokke og Høgskulen i Sogn og Fjordane å få til samarbeid på Vestlandet.

Foto: Pressefoto

Den uavklarte høgskulestrukturen på Vestlandet gjer samarbeid vanskeleg, seier den nye rektoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Rasmus Stokke:

– Hadde det institusjonelle samarbeidet vore på plass, hadde det vore enklare for utdanningane å konkretisera samarbeidet; det er nok rett.

Ønskjer å unngå fusjon

Den siste tida har Høgskulen i Sogn og Fjordane prøvd å få til eit nytt og tyngre samarbeid med Universitet og Høgskulen i Bergen om den nye femårige lærarutdanninga.

No er konklusjonane til arbeidsgruppa klare:

  • Det institusjonane kan få til per i dag er å byggja vidare på det dei allereie har – som samarbeid om sensorar, gjesteførelesarar og framandspråk.
  • Ei samanslåing av lærarutdanningar er lite aktuelt.
  • Heller ikkje kunnskapsklynger – det å samlokalisera fagmiljø – er aktuelt.
  • Ei felles lektorutdanning med emne på tvers av institusjonar er aktuelt, men vanskeleg å gjennomføra i dag.

Store avstandar

– Det er fordi det er praktisk vanskeleg å få til, og fordi det vil krevja tid. Skal ein til dømes køyra felles utdanning, må ein òg har felles fagmiljø, og dei må bli samde om felles planar. Det vil bli meir bruk av felles fagfolk på tvers av institusjonane, og det er store avstandar, iallfall mellom HiSF og høgskulane sørover og nordover, seier Stokke.

HiSF ønskjer å samarbeida for styrkja det faglege ved lærarutdanninga, men den politiske motivasjonen for samarbeidsiveren er at HiSF ønskjer å unngå ei rein samanslåing, slik regjeringa vil.

Bjørn Haugstad

PRESSAR PÅ: Bjørn Haugstad (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet, meiner fusjon er den beste løysinga for å få til ei god femårig lærarutdanning ved HiSF.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Men når den nye lærarutdanninga kjem, truleg frå 2017, vil mange mindre høgskular få vanskar med å innfri krava. Også HiSF har per i dag for låg formell doktorgrads- og forskingskompetanse for å få godkjentstempelet av regjeringa.

– Bekymra

HiSF-rektor Stokke viser til at høgskulen arbeider hardt for å innfri krava og meiner dei skal klara dette på eigen kjøl. Det er ikkje statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad (H), overtydd om:

– Me er bekymra for om HiSF vil klara det, men det er for tidleg å konkludera.

Haugstad meiner fusjon er den beste løysinga:

– Det ville automatisk gi ei sterkare lærarutdanning. Og gevinstane for elevane ville kunna koma raskt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå