I programmet blir vi med på ein spektakulær topptur til den spissaste - og etter mange si meining flottaste - av dei tre toppane i Norge på over 2400 meter.
Vogga for norsk fjellsport
Store Skagastølstind er 65 meter lægre enn Galdhøpiggen, men langt meir alpin og majestetisk å sjå til. Ved foten av det mytiske fjellet ligg Turtagrø, av mange rekna som vogga for norsk fjellsport. Frå midten av 1870-talet vart Turtagrø porten inn til Store Skagastølstind, som briten William Cecil Slingsby var den fyrste til å klatre til topps i 1876. Hotellet som 12 år etter vart bygd på Turtagrø, har hatt ein spesiell plass i hjarta til alle som liker å ta seg fram i steile fjellsider.
Fjellvandrarmiljø i sorg
Men natt til 24. januar 2001 brann den gamle bygningen på Turtagrø ned. Sjokk, vantru og jamvel sorg prega fjellvandrarmiljøet. Kvifor vart reaksjonane så sterke? Ut i Naturen har fylgt prosessen fram mot det som kanskje skulle bli ein ny inngangsportal til store himmelske opplevingar for fjellfolket på Turtagrø.
Me fylgjer også 4. generasjons fjellvert på Turtagrø på ein spennande tur der målet er Store Skagastølstind. Berre halvparten av dei som prøver seg på toppen med det lunefulle veret, lukkast i å nå heilt opp. Programmet vart første gong sendt i Ut i Naturen 14. januar 2003.
Programmet er laga av Inge Kjell Holme og Steinar Lote ved NRK Sogn og Fjordane.
VIDEO:
· Himmelporten (Ut i naturen 14.01.2003 NRK1)
· Himmelporten (Ut i naturen 14.01.2003 NRK1 - BREIBAND)
BILETE:
· Sjå bilete frå programmet Himmelporten
· Hausttur på Dyrhaugsryggen i Hurrungane