Med underskriftsaksjon og fakkeltog trur ho det går an å kjempe mot nedleggingsframlegga frå Helse Førde og Helse Vest. Og det å kjempe for sjukehuset sitt har dei tradisjon for i Florø.
Hilde Bjerk Bruvik er leiar for LO i Flora, og sit i bystyret for Arbeidarpartiet. Ho er ikkje mellom dei som bakkar ut av politiske verv fordi krisa i kommuneøkonomien gjer det vanskeleg å vere lokalpolitikar