Hopp til innhold

Hevdar Udjus er på veg tilbake til Sogndal

Romerikes Blad hevdar at keeper Kenneth Udjus er på veg frå Lillestrøm til Sogndal.

Nils Kenneth Udjus

TILBAKE? Ifølgje Romerikes Blad er Kenneth Udjus på veg tilbake mellom keeperstengene i Sogndal.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

Noverande Sogndal-keeper Erik Dahlin spelar sin siste kamp for Sogndal i helga, og set nasen mot Sverige for å spele på FC Trollhättan. No hevdar RB-sporten å kjenne til at LSK og Sogndal er i forhandlingar om ein overgang for Udjus.

Ifølgje avisa skal det vere forhandlingar om både ei permanent avtale og lån ut sesongen.

Sørlendingen Udjus vart henta frå Sogndal av Lillestrøm etter 2012-sesongen, då han var samd med klubben om ei treårskontrakt. Då var Udjus mellom anna kåra som landets beste keeper.

Vil ha speletid

Han har derimot ikkje spelt nokre seriekampar for Lillestrøm denne sesongen, og skal ifølgje avisa ha ytra ønskje om klubbskifte, utan at eit konkret klubbnamn har vore nemnt.

– Det vil vere ein fordel både for klubben og meg at eg finn meg ny klubb no. Då vi LSK spare pengar i ei tøff økonomisk tid, og eg vil eventuelt få sjansen til å spele. Ein spelar i min alder bør ikkje sitje på benken, seier Udjus til avisa.

Vil helst bli leigd ut

Spelaren sjølv skal ha størst ønskje om å bli leigd ut.

– Eit utlån er det som vil passe meg best no, både sportsleg og personleg. Då kan eg komme tilbake før neste sesong, seier Udjus.

Han spelte 22 av 30 seriekampar førre sesong, men har vore plaga med skadar i oppkøyringa av sesongen.

Ingen i LSK har stadfesta til rb.no at det er kontakt mellom klubbane.