Hopp til innhold

Hevdar politikarane i Sogndal driv med mobbing av rådmannen

– Det var direkte mobbing av rådmannen og ein oppførsel utan sidestykke. Kommunestyremøtet var ei stor skam, seier Ap-politikar.

Clara Øberg på talarstol

KRAFTIG OPPGJER: Ap-politikar og tidlegare kommunestyrerepresentant, Clara Øberg, tek eit kraftig oppgjer med politikarane i Sogndal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det minte meir om ein polsk riksdag enn eit politisk møte i ein norsk kommune, seier Clara Øberg.

Ho er tidlegare etatssjef og barnevernsleiar i Sogndal. Øberg er også tidlegare kommunestyrerepresentant for Ap i Sogndal og framleis medlem i partiet. Under kommunestyremøtet i går sat ho på tilhøyrarbenken.

Bakteppet for konfrontasjonen mellom rådmannen og delar av kommunestyret, er den langvarig striden i Sogn barnevern.

– Eg vart utsett for eit uverdig spel, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal.

Vil ikkje trekkje seg

I går vart rådmannen igjen skulda for i fleire tilfelle å ha kome med løgn overfor kommunestyret, noko rådmannen kontant avviste.

– Eg har ikkje vore borti maken til møte. Det vart framført påstandar på talarstolen som ikkje er verdig eit kommunestyremøte, seier rådmann Jostein Aanestad.

Er kritikken mot deg kome på eit slikt nivå at du vurderer å trekkje deg?

– Nei, eg har ikkje slike planar, seier Aanestad.

Jostein Aanestad

TUNGT: – Eg har ikkje vore borti maken til møte. Det vart framført påstandar på talarstolen som ikkje er verdig eit kommunestyremøte, seier rådmann Jostein Aanestad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Avviser mobbing

Arne Glenn Flåten (H) var ein av dei som kom med den skarpaste kritikken mot rådmannen.

– Eg er ikkje vald inn i kommunestyret for å tilfredsstille korkje rådmannen eller ordføraren. Eg er der for å gjere ein skikkeleg jobb og for å seie det som er viktig og rett. Når rådmannen gong på gong har kome med feil opplysningar, er det vår plikt å seie ifrå, seier han.

Det blir hevda du og andre dreiv med direkte mobbing av rådmannen. Tek du sjølvkritikk?

– Ikkje i det heile tatt. Når rådmannen turar på og ikkje vil vedgå feil, må ein forvente at nokon seier stopp. Vi finn oss ikkje i å bli førde bak lyset. Dette er ikkje mobbing i det heile tatt. Rådmannen må tole å høyre sanninga, seier Flåten.

Arne Glenn Flåten

AVVISER MOBBING: – Det er heilt feil at vi skal ha mobba rådmannen. Det å få høyre sanninga er ikkje mobbing, seier Arne Glenn Flåten (H).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordføraren tek sjølvkritikk

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) synest det er trist at rådmannen skal takast heile tida.

– Mange grenser vart brotne på møtet i dag. Når eg får fleire meldingar om politikarar som føler det er ubehageleg å delta i kommunestyremøte, er det gått for langt. Det er ikkje slik vi vil ha det, seier Aarvoll.

– Men det var du som leia møtet. Kvifor klubba du ikkje ned dei du meiner gjekk for langt?

– I ettertid seg eg at fleire politikarar burde ha vore klubba ned. Dette tek eg sjølvkritikk for, seier ordføraren.