NRK Meny
Normal

Hevdar mann sa at han vil skyte alle muslimar

Påtalemakta hevdar at passasjeren slo drosjesjåføren i ansiktet og skuldra og uttalte at han hadde lyst å skyte alle muslimar. No må mannen i 40-åra møte i retten, tiltalt for grov, rasistisk vald.

Magnus Engh Juel - politijurist sogn og fjordane

AKTOR: Politiadvokat Magnus Engh Juel skal føre saka mot sunnfjordingen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Tidleg søndag morgon den 15. november i fjor plukka drosjesjåføren opp ein passasjer i eit bustadfelt i Florø. Ein tur som enda med utforkøyring, og no ein alvorleg tiltale mot passasjeren.

– Han slo sjåføren i skuldra og i ansiktet, samt bøygde den høgre handa hans bakover, som førte til utforkøyring. Valden skjedde i samband med sjåføren stadfesta at han er muslim, heiter det i tiltalen frå Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Der kjem det fram at passasjeren skal ha sagt at han hatar alle muslimar, at han hadde lyst til å skyte alle muslimane som bur i byen og at alle muslimar er noko drit.

Får hjelp av helsevesenet

Han er no tiltalt for brot på paragraf 185 i straffelova som går på grove verbale truslar og hatefulle ytringar mot nokon på grunn av religionen deira. Han er også tiltalt for grov kroppskrenking av sjåføren, motivert av fornærma sin hudfarge og religion.

– Min klient står for alt det som kjem fram i tiltalen. Han blir framleis følgd opp av helsevesenet etter hendinga, seier bistandsadvokat Arild Standal til NRK.

Etter at passasjeren slo til drosjesjåføren, køyrde sjåføren utfor vegen og bilen stogga i eit gjerde. Sjåføren blei sjukemeld i 14 dagar etter den alvorlege hendinga.

Truga politiet etter ulukka

Passasjeren blei kort tid etter ulukka pågripen, og på veg til politistasjonen i Florø skal han ha uttalt til politifolka at han skulle "knuse dei".

Politiadvokat Magnus Engh Juel skal føre saka for Fjordane tingrett. Han vil førebels ikkje uttale seg utover at påtalemakta held fast på den alvorlege tiltalen. Den tiltalte sin forsvarar, Odd Bovim, vil ikkje kommentere saka.

Vegopning på Bergum i Førde kommune