Hopp til innhold

Hevdar norske legar må jobbe i klesbutikk

Samstundes som danske vikarlegar blir importerte til omstridde Nordfjord legevakt og andre distriktskommunar, får ikkje mange nyutdanna norske legar seg jobb.

Even Holth Rustad

– MANGE FÅR IKKJE JOBB: Even Holth Rustad i Norsk medisinstudentforening meiner betre turnusordning må til for å få norske legar ut i arbeid.

Foto: Thomas Barstad Eckhoff

Eg har har høyrt om legar som ikkje får seg vikariat, og som jobbar i klesbutikk eller som sjukepleiar.

Even Holth Rustad, leiar Norges Medisinstudentforening

– Det heile er samfunnsøkonomisk elendig og fullstendig bak mål, seier Even Holth Rustad, leiar i Norsk medisinstudentforening.

Han reagerer sterkt på at norske utkantkommunar årleg brukar store summar på å leige inn utanlandske legar, medan norske legar må finne seg anna arbeid.

Granskar vikarlegebruk

– Den norske staten brukar over to millionar kroner på å utdanne ein lege i seks år, som trengst i det norske helsevesenet, men i staden for å legge til rette for at dei kan gjennomføre ei effektiv spesialistutdanning, så blir dei gåande og stange mot ein flaskehals.

NRK har den siste tida sett fokus på tre danske vikarlegar som alle er under gransking frå Statens helsetilsyn for svært kritikkeverdige forhold medan dei jobba ved Nordfjord legevakt.

Nordfjord sjukehus

HAR FÅTT KRITIKK: Vikarbruken ved den interkommunale legegavakta i Nordfjord har ført til gransking.

Foto: Nyhetsspiller

Den eine fekk sparken etter å ha vore rusa på jobb, den andre nekta å ta imot ein dødssjuk pasient, mens den andre er tiltalt for bildrap på ei seksbarnsmor etter å ha krasja i pillerus. Sistnemnde møter som tiltalt i Fjordane tingrett måndag.

300 norske legar står på vent

Ifølgje Holth Rustad burde det vore heilt unødvendig å hente utanlandske legar til Nordfjord.

– For at ein lege skal begynne i spesialisering, eller kunne jobbe på legevakt, må ein først gjennomføre ei turnusteneste. I dag er kapasiteten i turnustenesta altfor låg. Vi har mange nok legar, men i staden for å jobbe på Nordfjord legevakt, så står ca. 300 norske legar og ventar på turnusplass.

Norge hentar også legar frå land som Irak og Afghanistan, noko som moralsk og etisk er feil, meiner Holt Rustad.

– Det er ein veldig hard arbeidsmarknad. Eg har høyrt om legar som ikkje får seg vikariat, og som jobbar i klesbutikk eller som sjukepleiar. Det er kjempesynd når ein veit at desse legane trengst lenger oppover i systemet. Berre dei kjem seg gjennom turnustenesta, så er legebehovet stort, seier medisinstudentane sin talsmann.

Regjeringa nøgd med dagens ordning

I Helse- og omsorgsdepartementet har dei derimot ingen umiddelbare planar om opprette fleire turnusplassar for å få fleire nyutdanna i jobb.

– Vi ønskjer å halde talet på turnusplassar på noverande nivå, seier statssekretær Lisbeth Normann (H) til NRK.no.

Ho viser til at det er krevjande for kommunane å skulle opprette nye turnusplassar.

Lisbeth Normann

VIL HALDE DAGENS NIVÅ: Statssekretær Lisbeth Normann (H) i Helse- og omsorgsdepartementet vil ikkje love fleire turnusplassar.

Foto: Vilde Mikkelsen / NRK

– I staden for å redusere talet på turnuststillingar – som også har vore diskutert – så har vi sagt at vi ikkje ønskjer ein reduksjon. Vi ønskjer å halde oppe dagens nivå. Så må vi sjølvsagt ta stilling til om det er tilstrekkeleg for å sikre god tilgang på turnuskandidatar i helsetenesta.

– I Sogn og Fjordane har Nordfjord legevakt måtte hente inn tre vikarlegar, som alle no er under gransking for alvorlege forhold. Samstundes hevdar Holth Rustad at det hadde vore unødvendig å bruke vikarlegar, dersom ein hadde hatt nok turnusplassar. Er ikkje det eit paradoks?

– Eg kan ikkje svare for tilgangen på legar i Nordfjord. Eg kan heller ikkje kommentere at ikkje vikarbyrå følgjer opp kompetansen på legar dei har tilsett. Det eg kan seie nasjonalt, er at vi held oppe talet på turnusstillingar, seier statssekretæren.