Hopp til innhold

Han hevdar for mange vaksne menn får diagnose og behandling for prostatakreft

Altfor mange får diagnose og blir behandla for «folkesjukdomen» prostatakreft. Det hevdar samfunnsmedisinar Hans Johan Breidablikk. Han fryktar ei sjukeleggjering av samfunnet.

Breidablikk sitat

OVERBEHANDLING: Faqsjef i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, meiner at for mange blir diagonistisert og behandla for mellom anna prostatakreft.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statistikken syner klare tal på at stadig fleire vaksne menn blir diagnostisert og behandla for ulike former for prostatakreft. No tek fagsjef i Helse Førde, dr.med. Hans Johan Breidablikk, eit oppgjer med det han meiner er ei alvorleg overbehandling av sjukdomen.

– For enkeltindividet så er problema størst ved at dei som oppfattar seg som frisk, brått oppfattar seg som sjuk, og enda verre, kanskje får behandling med mange følger. For samfunnet blir det jo ei generell sjukdomsfokusering. Eg meiner at samfunnet først og fremst må fokusere på friskheit, seier Breidablikk til NRK.no.

– Vi har vore for flinke

Han tek mellom anna utgangspunkt i tal frå Sogn og Fjordane, som syner at fylket er på landstoppen når det gjeld prostatakreft. Tidlegare har legar peika på dette utan å finne ei forklaring.

No meiner fagsjefen at årsaka er ei overdriven testing gjennom fleire år. Og tala er klare; Førekomsten av prostatakreft er ifølgje statistikken 90 prosent høgare i Sogn og Fjordane enn i Finnmark.

– Ein har funne veldig mange i Sogn og Fjordane som nok har prostatakreft, og det har dei sannsynlegvis i dei andre fylka også. Men vi har vore for flinke til å finne dei, for å seie det slik, seier Breidablikk.

Han peikar på at trass dette, så er levealderen tre år høgare i vest enn i nord.

Reagerer på marknadsføring

Breidablikk innrømmer at han og andre legar som deler hans syn, bannar i kyrkja innanfor sin eigen bransje. Særleg i ei tid der det stadig blir fleire tilbod og reklame om krefttesting, ikkje minst frå private klinikkar.

– Eg trur det er ei veldig uheldig utvikling. Vi kan risikere at dette er ei utvikling som vil føre oss opp i eit helsevesen som ein har i USA, der ein har eskalerande utgifter, men samstundes ikkje har noko betra folkehelse, seier han.

– Vi har jo klart mykje betre folkehelse i Norge, med mykje mindre ressursar, slår samfunnsmedisinaren fast.

– Skjer med beste vilje

Han hevdar at han har haldepunkt for å seie at det er overdiagnostikk for både brystkreft, føflekkreft, kreft i skjoldbruskkjertel, nyrekreft og lungekreft.

– Truleg er dette regelen meir enn unntaket. Men dette er ein veldig utfordrande bodskap å få ut. Vi høyrer jo at vi manglar ressursar og tilbod i helsetenesta, men på einskilde område så har vi for mykje tilbod. Alt dette skjer jo med beste vilje, men vi kan ikkje starte behandling av dei som ikkje skulle vore behandla, seier han.

Geir Berge Øverland

REAGERER: Urolog og overlege Geir Berge Øverland er sterkt usamd med Hans Johan Breidablikk sine påstandar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vekte reaksjonar

Under styremøtet i Helse Førde denne veka vekte Breidablikk sine påstandar sterke reaksjonar hos fleire.

Ikkje minst hos overlege og urolog ved Lærdal sjukehus, Geir Berge Øverland.

– Ein kan lyge mykje med statistikk. Det er ein gong slik at prostatakreft ikkje er ein sjukdom. Det er mange ulike sjukdomar, og behandlinga er jo heilt avhengig av mellom anna alder og aggressivitet, seier Øverland til NRK.no.

Han meiner at Breidablikk overdriv når han no hevdar at alt for mange både i Sogn og Fjordane og resten av landet blir undersøkt og behandla for prostatakreft

– Ein kan sikkert finne nokon som er overbehandla, men vi må sjå kven det er vi snakkar om. Dei som skal behandlast aktivt med operasjon eller strålebehandling i ei definert aldersgruppe, stort sett under 70 til 75 år. I denne aldersgruppa har behandling ein heilt klart gunstig effekt, påpeikar overlegen.

Ønskjer ikkje endring

Han ønskjer ikkje nokon umiddelbar endring i kva grad vaksne menn skal testast for prostatakreft. Snarare meiner Berge Øverland at omfattande testing er naudsynt for å avdekke tilfelle av kreft.

– Ei overdiagnostisering fører ikkje naudsynleg med seg overbehandling. For å vite kven som skal behandlast må ein jo diagnostisere dei. Det er jo ikkje alle som får diagnosen prostatakreft som blir behandla aktivt. Ein del går jo berre til kontrollar for å sjå om sjukdomen er stabil eller om den utviklar seg i negativ retning.

Tilfeller av prostatakreft

Tilfelller av prostatakreft per 100.000

Sogn og Fj.

139

Aust-Agder

126

Møre og R.

122

Nordland

116

Buskerud

115

Rogaland

114

Vestfold

106

Oppland

106

Telemark

103

Vest-Agder

102

Østfold

99

Hordaland

98

Akershus

96

Oslo

93

Hedmark

93

Troms

92

Sør-Trøndelag

89

Nord-Trøndelag

87

Finnmark

73

Ekspander/minimer faktaboks