Hopp til innhold

Styreleiar får krass kritikk – tidlegare styremedlem hevdar Fjord1 er i djup krise

Fjord1 er eit selskap i djup krise, med leiarproblem og kunnskapsmangel på ei rekkje felt. Dette blir hevda av avgått styremedlem i ferjeselskapet.

Fjord1 og Reidar Sandal

AVVISER KRITIKKEN: Styreleiar Reidar Sandal får krass kritikk av to avgåtte styremedlemmer. Han avviser den blankt.

I ein epost som er send til mellom anna fylkesordførar Åshild Kjelsnes, skriv avgått styremedlem Eva von Hirsch at Fjord1 er i djup krise og manglar kunnskap på ei rekkje felt. Denne eposten har Kjelsnes nekta NRK innsyn i.

Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, får i ulike epostar det glatte lag for måten han leiar styret på. Epostane NRK har fått tilgang til via andre kjelder er lite lysteleg lesnad for dei som er glade i Fjord1.

«Selskapet befinner seg i dag i en dyp krise»

Den eine eposten er send frå avgått styremedlem Eva von Hirsch til fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Også andre styremedlemmer har seinare fått tilgang til denne eposten, ein e-post som fylkesordføraren har nekta å levere ut.

Den andre eposten er send frå von Hirsch til resten av styremedlemmene i Fjord1. Den tredje eposten er send frå avgått styremedlem Lars Pamer til resten av styremedlemmene i Fjord1.

I dei ulike epostane blir det sett fram påstandar om eit selskap i djup krise, med kunnskapsmangel på ei rekkje felt.

Det heiter mellom anna.

«Selskapet befinner seg i dag i en dyp krise og vi har stort behov for kompetanse innenfor en hel rekke ulike fagområder for å kunne ta oss videre. Som eksempel kan nevnes spesialkompetanse/kunnskap om ulike anbudsmodeller, modeller for reduksjon av brenselskostnader og ulike rentemodeller».

«En stemning av oppgitthet, taushet, kuelse og utrygghet»

I tillegg får styreleiar Reidar Sandal det glatte lag for måten han leiar styret på. I den eine eposten skriv von Hirsch mellom anna:

«Jeg opplever ikke at styrets interne kunnskapskapital og potensiale kommer til sin rett, og ei heller at det kommer selskapet til gavn slikt et godt styrearbeid burde gjøre. Jeg opplever en stemning av oppgitthet, taushet, kuelse og utrygghet som jeg mener er direkte skadelig for selskapets utvikling.

Noen ganger føler jeg at jeg sitter i et klasserom på folkeskolen med svært begrensete muligheter til påvirkning. Dette blir forsterket når enkeltmedlemmer av styret blir irettesatt for åpen scene.»

«Utstrakt bruk av hersketeknikker»

I eposten frå avgått styremedlem Lars Pamer går det mellom anna fram at styreleiar Reidar Sandal skal ha valt ein veldig autoritær stil som hindrar fri diskusjon i styremøta.

«Jeg reagerer også på utstrakt bruk av hersketeknikker for å hindre fri meningsutveksling og for å slå ned på synspunkter som avviker fra styreleders egne.

Styreleder har etter min oppfatning en for tett samhandling med administrasjonen. Dette gjør at administrasjonen virker redd for å si sin mening i mange saker hvor styreleder har vært involvert.»

Vidare heiter det mellom anna:

«Jeg reagere meget sterkt på at styreleder snakker nedsettende om tidligere administrerende direktør i styremøter hvor vedkommende ikke er tilstede og kan forsvare seg. Det gis også klare hentydninger til at vedkommende har opptrådt uryddig uten at dette begrunnes. Samme antydninger gis om selskapets konstituerte direktør. Dette finner jeg uakseptabelt

– Fjord1 AS er ikkje i djup krise

Styreleiar Reidar Sandal avviser på det sterkaste at selskapet er i djup krise.

– Fjord1 AS er ikkje i djup krise. Vi har hatt utfordringar, absolutt, på bakgrunn av at vi har hatt for svake inntekter på grunn av tidlegare anbod.

– Vi har hatt ein snuoperasjon, og har oppnådd gode resultat. Vi er ikkje i mål, men vi er på full fart framover og selskapet er ikkje i krise, seier Sandal til NRK.no.

– Grunnlause påstandar

Om kritikken rundt leiarstilen hans, som blir hevda å vere autoritær og med bruk av hersketeknikkar, seier han dette:

– Eg meiner det er grunnlause påstandar. Eg har leia og leiar styremøta i Fjord1 på den måten eg leiar andre møte. Eg legg vanlege organisasjonsmessige prinsipp til grunn, og legg vekt på å halde meg til det som er takt og tone.

– Det som er gitt uttrykk for her, får stå for den som uttalar det si rekning. Elles er det slik at her også er ein påstand som er trekt tilbake, det høyrer med til historia.

– Det er ein påstand som er trekt tilbake, kva legg du i det?

– Eg legg i det som eg seier, at her er formuleringar som er brukt av den som har ytra det i e-posten, som seinare er trekt tilbake. Eg går ikkje nærare inn på det, eg refererer ikkje frå styremøta i Fjord1, seier Sandal.

Vil ikkje gå i detaljar

– Det blir også hevda at du på styremøta kjem med kritikk av avgått administrerande direktør og av fungerande direktør, og at det blir hevda at dette er totalt uakseptabelt, fordi dei ikkje kan forsvare seg?

– Eg går ikkje inn og refererer frå interne styremøte. Det er forretningsmessige disposisjonar vi driv med, og her er påstandar som ikkje er korrekte.

Sandal meiner at påstandane som gjeld både kompetansenivået og leiarstilen hans er feilaktige. Kva som er bakgrunnen for den krasse kritikken kan han ikkje svare på.

– Det er ikkje opp til meg å svare på kva som er bakgrunnen. Eg legg til grunn at vi har hatt krevjande vurderingar og at vi har levert eit rekneskap. Det er sjølvsagt viktige vurderingar av forretningsmessig karakter som er gjort i den forbindelse.

– Eg går ikkje inn i nærare vurderingar av det. Eg trur dei fleste som har erfaring med forretningsmessig verksemd skjønner at eg ikkje kan eller bør gjere det i det offentlege rom.

Vil ikkje endre leiarstil

– Skuldingane mot deg er veldig harde. Korleis opplever du det, det må vere tøft for deg?

– Eg høyrer kva som blir referert her. Eg veit kva styret i Fjord1 meiner om dette, eg har for kort tid sidan fått tillit frå generalforsamlinga for ein ny periode. Eg har ikkje noko ytterlegare kommentar til dette.

– Eg er sterkt motivert til å gjere ein så god innsats som mogleg for Fjord1, legg han til.

På konkret spørsmål om han kjem til å endre leiarstil på bakgrunn av kritikken, svarar Sandal følgjande.

– Kva von Hirsch og Pamer måtte meine om meg, det får så vere. Eg kan ikkje ta frå dei retten til å ytre seg, det har eg aldri gjort.

– Eg leiar møte- og styrearbeidet i Fjord1 etter dei vanlege organisasjonsmessige prinsipp som gjeld, slik har det vore og slik blir det, seier Sandal.

Politikarane skal bli orientert

Fylkesutvalet og holdingselskapet til Fjord1, F1 Holding AS, skal orienterast om det som skjer internt.

– Fryktar du at dette skal ende opp med at du blir kasta som styreleiar?

– Eg har ingen kommentar til det. At fylkesutvalet og holdingselskapet har møte er ikkje mi sak. Eg held meg til det generalforsamlinga avgjorde for svært kort tid sidan, og det er det som er mitt arbeidsgrunnlag.