Hopp til innhold

Hevdar E39-avgjerd kjem måndag kveld - men ikkje for Sogn og Fjordane

Ifølgje smp.no skal avgjerda om kvar E39 i Møre og Romsdal skal gå, komme måndag kveld. Men avgjerda om kvar vegen skal gå gjennom Nordfjord, skal ikkje vere med i denne omgangen.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

FRAMLEIS UVISST: Kvar skal E39 i Nordfjord gå? Det får ein truleg ikkje svar på måndag heller.

Foto: Statens vegvesen

Ifølgje avisa har samferdsledepartementet bestemt seg for å gå ut med trasévala fylkesvis, i staden for å følgje Vegvesenets konsekvensutgreiingar.

Vegvesenet har frå før laga ei konsekvensutgreiing for heile strekninga frå Skei i Jølster til Ålesund.

Likevel vil nok avgjerda om kvar E39-traséen på Sunnmøre skal gå, vere interessant for Nordfjord. For dersom Fefast vert valt som fjordkrysning på Sunnmøre, er løpet truleg køyrt for dei som jobbar for midtre linje i Nordfjord, hevdar smp.no.

Vil ikkje stadfeste noko

Ifølgje avisa er ei rekkje ordførarar, kommune- og fylkespolitikarar i Møre og Romsdal inviterte til eit orienteringsmøte på eit hotell i Ålesund måndag kveld.

Her skal også fleire av regjeringspartias folk frå Mørebenken vere til stades, mellom anna parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik og Høgres Helge Orten, som sit i samferdslekomiteen på Stortinget.

– Eg har ingen kommentar til kva som skjer på dette møtet. Du får vente til måndag, seier Orten til smp.no.