Hopp til innhold

Hevdar det vart kravd over ein million for vestland.no

Fylkesrådmann hevdar at Terje Hatlem i Fjaler krev over ein million kroner for å gje frå seg domenet vestland.no. Det stemmer ikkje, skriv Hatlem.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

UTAN DOMENE: Rune Haugsdal er fylkesrådmann i Vestland fylke. Han vil gjerne ha domenet vestland.no.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Frå 2020 er det 11 nye fylke i Noreg. Men om du går inn på dei naturleg valde nettadressene for dei nye fylka, så er det fleire av dei som ikkje fungerer.

Det gjeld ikkje minst vestland.no som ei fellesside for dei gamle fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.

Men på den sida finn ein ingenting om tilboda til det nye fylket. Den er i staden ein reklameportal.

– Heilt uaktuell sum

– Vi har ved fleire høve prøvd å få hand om domenet, men til slutt så valde vi å trekke oss, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal til NRK.

– Var det eit spørsmål om pengar?

– Ja, han ville ha over ein million kroner for domenet, og det var ein heilt uaktuell sum for oss, seier Haugsdal.

Hatlem sjølv vil ikkje late seg intervjue om dette, men skriv til NRK at han ikkje kjenner seg att i Haugsdal si framstilling.

«Saka er at fylkeskommunen sommaren 2018 tok kontakt hit og, sa seg interessert i domenenamnet, og sette fram eit bod på 25.000 kroner, eit bod som vi takka nei til. I oktober 2018 tok fylkeskommunen på ny kontakt per e-post, og hadde då lagt på 10.000 kroner til eit nytt bod på kr 35.000. Dette takka vi igjen nei til. Og sidan har det ikkje vore kontakt mellom partane.», skriv Hatlem i ein e-post.

Han registrerte nettadressa vestland.no alt i 2015 og nye Vestland fylkeskommune enda opp med den noko meir kronglete adressa vestlandfylke.no og vlfk.no.

Fleire av dei nye fylka har namn som er beskytta av Norid, etaten som gir løyve til bruk av .no-domener i Noreg. Det gjeld blant anna Oslo og Rogaland.

Eig mange andresser

Terje Hatlem eig fleire tusen norske nettadresser gjennom ulike firma han driv. Han eig mellom anna adressene aker.no,ai».

Tidlegare har blant anna Dagens Næringsliv omtalt konfliktar mellom Hatlem og andre som gjerne vil ha domene han sit på.

I 2014 blei Terje Hatlem sine oppkjøp av nettadresser grundig omtala i avisa Dagens Næringsliv. Han låg då i namnestrid med Svein Joakim Moen.

Moen hadde eit sterkt ønske om å bruke namnet movement.no til verksemda si, men domenet var det Hatlem som eigde. Hatlem var sterkt kritisk til korleis han blei framstilt i Dagens Næringsliv.

Moen tok då kravet til Oslo tingrett, der han i 2015 lei fullstendig nederlag i den no rettskraftige dommen.

Det er framleis Hatlem som eig domenet, gjennom firmaet Prereg.

Slik ser vestland.no ut

LITE FYLKESNYTT: Vestland.no har ingen informasjon om Vestland fylkeskommune.

Foto: Skjermdump / vestland.no

Trøbbel i Innlandet

Men lengst aust i Sør-Noreg har også nye Innlandet fylkeskommune møtt på utfordringar med ny nettadresse. Innlandet.no er nemleg eigd av lokalavisa Oppland Arbeiderblad på Gjøvik.

– Vi har gjort fleire forsøk på å få han om innlandet.no, men eigaren har ikkje vore villig til å gje det over til oss, seier kommunikasjonssjef Halvor Løkken til NRK.

Innlandet ville også betale litt for domenet, men for Oppland Arbeiderblad var ikkje det noko tema.

Redaktør i Oppland Arbeiderblad, Erik H. Sønstelie, har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til saka.

Innlandet.no

LITE INNLANDET: Det er avisa Oppland Arbeiderblad som eig innlandet.no

Foto: Skjermdump