Hopp til innhold

– Pilegrimssenteret vil øydelegge Selja

Det eldgamle klosteret på øya Selja kan bli øydelagt av ein lapskaus av næringsinteresser og åndelege lengslar. Det meiner Selja-ekspert Eivind Luthen.

Kloster på Selja

NYE PLANAR: Planane om eit pilegrimssenter fell ikkje i god jord hos alle. Særleg ikkje hos Eivind Luthen (innfelt).

– Når det kommersielle kjem inn i det åndelege rom, så taper det åndelege, seier Eivind Luthen, leiar i Pilegrimsfellesskapet St. Jakob og forfattar av boka Selja – Sunnivakulten og pilegrimsmålet.

I førre veke vart det vedteke å gjere Selje til regionalt pilegrimssenter i Sogn og Fjordane. I innstillinga frå fylkesdirektøren heiter det at Selja har potensial til å bli «eit fyrtårn for kystpilegrimssatsinga i Vestland fylke».

Men ikkje alle gler seg. Luthen meiner den nye kommunen burde takke nei, heller enn å gi etter for «forretningslogikken» og «fagre ord og lovnader».

– Eg forstår freistinga, og det er lett å la seg begeistre av konsulentspråket og utsikta til større turistinntekter. Men eg hadde sagt nei. Busslastar med amerikanske cruiseturistar vil øydelegge mykje. Selje er ein skjør plass.

«Klosterprodukt»

I konsulentuttala frå PWC, som vart bestilt av Sogn og Fjordane fylkeskommune, og som låg til grunn for det politiske vedtaket om å etablere eit pilegrimssenter i Selje, heiter det at «klosterproduktet» har eit uteståande «kundesegment». I uttala heiter det vidare: «Om vi ser til 2030, må målet vere at Selje kloster er blitt ein leiande turistattraksjon (…) og at klosterproduktet er godt integrert i desse aktørane (Selje Hotell og Stad skipstunnel, jou. anm.) sine forretningskonsept.»

Det var Fjordenes Tidende som først omtala konsulentuttala.

Eivind Luthen

NEI TAKK: Leiar i Pilegrimsfellesskapet, Eivind Luthen, vil ikkje ha noko pilegrimssenter.

Foto: privat

– Herregud. Det viser kva slags lapskaus dette er. Eg er ingen purist, og forstår at folk skal ha noko å leve av, men dette er ikkje særleg tillitvekkande for dei av oss som framleis tenkjer at kloster skal vere ein stad for dei varige toner.

Han vil heller at Selja i staden gjer det same som Iona-klosteret i Skottland, som og ligg på ei øy, og som ikkje tar mål av seg å ha flest mogleg besøkande, men i staden driv med nøysemd og dugnad som rettesnor.

– Det er pinleg

Han får støtte frå biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug:

– Eg har stor forståing for at Luten reagerer på slike uttrykk som «klosterproduktet» og «kundesegment». Det er pinleg, og avslører at konsulentselskapet har lite forståing for kva kloster- og pilegrimstradisjonen står for.

Han seier at alle som er involverte i å utvikle kystpilegrimsleia til Nidaros, må bidra til å løfte fram den åndelege sida ved denne reisa.

– Her finst openbert krefter som vil trekke i andre retningar. Klosteret på Selja må ikkje bli sett på som eit ordinært turistmål der folk blir frakta fram og tilbake til klosteret utan å forstå stadens eigenart. Klosteret er definitivt noko anna enn den lova skipstunnelen, om den kjem.

Halvor Nordhaug

PINLEG: Eg har stor forståing for at Luten reagerer på slike uttrykk som «klosterproduktet» og «kundesegment». Det er pinleg, seier Halvor Nordhaug.

Foto: kirken.no

– Eit merkelege ordval

«Ein drøymestart for Stad kommune», uttalte ordførar Alfred Bjørlo (V) da nyheita vart kjent. Han avviser skuldinga frå Luthen om at kommunen har gjeve etter for «evangeliet om vekst og volum».

– Nei, absolutt ikkje. Pilegrimssenteret inngår i ei nasjonal satsing på Kystpilegrimsleia, som er breitt forankra. Det handlar om å løfte fram ei klosterhistorie av nasjonal betydning.

– Du har sjølv knytt pilegrimssatsinga til arbeidet med å byggje «eit sterkare kompetansemiljø på reiseliv». I grunnarbeidet vert Selja omtala som ein «destinasjon» og eit «klosterprodukt». Ser du at dette språket kan verke framandgjerande på dei som vil halde på Selja kloster som ein plass for «dei varige toner», som Luthen seier?

– Eg er samd i at «klosterprodukt» er eit merkelege ordval. Eit sterkare kompetansemiljø handlar om å lage gode tilbod rundt kulturbasert reiseliv og samtidig har respekt for den aktuelle plassen. Så vil dei besøkjande ha ulike motiv. Nokre vil kome som pilegrimar; andre kjem på grunn av den spektakulære utsikta. Det er heilt i orden. Det siste vi skal gjere er å avhøyre dei som kjem.

– Ei hypotetisk problemstilling

Bjørlo får støtte frå Torkjell Djupedal, styreleiar i Venner av Seljes kloster. Han kallar det «ei hypotetisk problemstilling» at Selja vil bli forma til det ugjenkjennelege.

– Heller ikkje eg ynskjer meg masseturisme, men per i dag er det så få som kjem til Selje at eg har vanskeleg for å ta denne problemstillinga på alvor.