Hopp til innhold

Hevdar å stå bak kunst-sensasjon

Omstridd Astrup-verk viser seg å vere «ungdomssynd».

Astrup-verk funne i Jølster

OMSTRIDD: Funnet av dette måleriet har utløyst ein arvestrid i Jølster. No viser det seg at verket mest truleg er ein kopi laga av Nikolai Astrup sitt barnebarn.

Foto: Privat

Det mykje omtala Astrup-måleriet som dukka opp i eit dødsbu i Jølster, er måla av ein Astrup – men ikkje av den kjende kunstnaren Nikolai Astrup (1880-1928).

Det viser seg at biletet er ein rimeleg god kopi av det kjende Astrup-måleriet "Den store priselden byggjast". Og dermed ikkje verd dei mange millionane ein trudde.

– Det biletet er det eg som har laga, seier Nikolai Astrup Geelmuyden (82), som er barnebarn av til den kjende Jølster-kunstnaren, til Firda Tidend.

– Ikkje kopi

Biletet har skapt stort oppstyr etter at det vart kjent, og både arvingar og kjøparen av dødsbuet har søkt advokathjelp etter at kunstekspertar meinte at verket kunne vere ein original. Og dermed verd fleire millionar kroner.

Astrup-kjennar Øystein Loge omtala biletet som «Ein Astrup på sitt beste». Også Gunnar Krogh-Hansen, hos Blomqvist kunsthandel, lét seg imponere over funnet.

– Biletet er usignert, men samstundes er bilete enkelt å kopiere, men mykje tyder på at det ikkje er kopi, sa Krogh Hansen til NRK.no.

– Ungdomssynd

Ifølgje Firda Tidend er altså biletet laga av ein Nikolai, og av ein kunstnar med Astrup i namnet.

Geelmuyden er i dag ein kjend og respektert kunstnar innan måleri og grafikk.

– Ja, dei kunstekspertane er no like seg. Du kan helse dei å seie at dette er ei av mine ungdomssynder, humrar 82 år gamle Geelmuyden og fortel til avisa at han var kring 17 år då han laga biletet.

– Ingen originale

Silja Juklestad, som var medhjelpar i Oddleiv Apneseth sitt fotoprosjekt «Jølster 2008», seier til avisa at biletet var tema då ho vitja den avlidne eigaren av biletet, Anna Østenstad, i samband med prosjektet. Også ho skal ha avvist at biletet var ekte.

– Nei eg har ingen originale Astrup-måleri, berre reproduksjonar og kopiar, og dette er laga av Nikolai Geelmuyden, han har kopiert bestefaren sin, fortalde den kunst- og kulturinteresserte Østenstad.