Sjå bilete frå ulukka i Briksdalen
No veit ikkje dagleg leiar i skysslaget, Rogeir Haugen, om dei skal halde fram med hesteskyss. - Vi har gjort mange tryggingstiltak som vi føler det er behov for. Vi har redusert talet på hestar frå 40 til 20, heva aldersgrensa på hestane, og dei blir godt trena før det vert sett i trafikk. - Likevel så skjer det ulukker, og det er tungt at det skjer opp att, seier han.
Ikkje første gongen
For det er ikkje første gongen det skjer alvorlege ulykker med hestetransporten i Briksdalen. 1999 omkom ei japansk kvinne, I 2002 vart ni koreanske turistar skadde og i fjor kom tre asiatiske turistar til skade. I går vart i alt 18 britiske turistar skadde, og 15 av dei vart sende til sjukehus. 11 av desse er framleis innlagde, men ingen av dei er alvorleg skadd.
Fleire vogner velta
Foto: Scanpix/Jørgen R. Nesje
Det som skjedde var at ein hest først kom ut av kontroll. Dermed følgde nesten alle dei 17 hestane i følgjet på. Anna Seiler frå Tyskland gjekk på ein sti om lag to hundre meter ovanfor ulukkesstaden då hestane plutseleg sprang ut. Ho gjekk med ryggen til, men snudde seg då ho høyrde skrik gjennom fosseduren. Berre to av hestane Seiler kunne sjå stod i ro. Dei andre sprang i panikk. Ho såg fleire av vognene velte og bli dradd vidare av dei ustyrlege hestane. Folk fall av vognene, medan hestane heldt på å springe ned andre.
Kunne gått verre
Lensmann i Stryn, Geir Vidhammer, kunne i går kveld ikkje seie noko om årsaka til at hestane sprang ut. Men det er på det reine at så å seie alle hestane vart så ustyrlege at kuskane mista kontrollen over dei. Ei rekkje av vognene var reve laus frå hestane og låg velta i ei grøft, seier han. Av følgjet på 49 britiske turistar vart 15 sende til sjukehus. Dei mest alvorleg skadde hadde brot, slag og sårskader. Ulykka skjedde ved fossen i Briksdalen, og Vidhammer seier det kunne gått mykje verre.
- Det er små marginar, så vi er glade for at det gjekk så godt som det gjorde.
- Hestane er godt trente
Hesteskyssen opp til Briksdalsbreen er ein svært populær attraksjon blant turistar. Med over 250.000 besøkande kvar år, er Briksdalsbreen eit av dei mest besøkte reisemåla i heile landet. Rogeir Haugen seier hestane som blir brukt til hesteskyssen er godt trena, og at alle hestar som er involverte i ulukker blir tekne ut av turistskyssen. Han seier at alle hestane vert grundig testa før dei vert sette i trafikk, og viss dei viser teikn på å vere nervøse, vert dei sette ut av trafikk. Det var berre erfarne hesteførarar i følgjet på veg ned igjen frå breen i går. Det gjer ulykke meir uforståeleg, seier Haugen.
Innstilt ut sesongen
Seint i går kveld skulle Oldedalen Skysslag gå igjennom ulukka. Haugen seier dei må vurdere om dei i det heile tatt skal halde fram med hesteskyssen. Sjølv om dei har bilar som kan ta unna trafikken, er jo hestane vorte eit varemerke, seier han. Hesteskyssen er i alle høve innstilt ut sesongen.