Hopp til innhold

Hestemiljøet letta over statsbudsjettet

– Eg håpa, men ein kunne aldri vere sikker. Det er mange som er letta i dag.

Magni Hjertenes Flyum

GLAD: Uro for Fjordhesten si framtid er igjen snudd til glede og optimisme. Magni Flyum og Norsk Fjordhestsenter får likevel ikkje 750.000 kroner mindre frå statsbudsjettet. – Vi ser at det er eit generasjonsskifte blant hesteeigarar. Det er behov for ein stad å søkje råd og få hjelp til ting når ein driver med fjordhest, seier ho.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Det seier dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid, Magni Flyum, etter at regjeringa reverserer vedtaket om å kutte 750.000 kronene i overføringar.

– Veldig mange var uroa og engasjerte seg etter at kuttet vart kjend. Vi har jobba intenst opp mot regjeringspartia og støttepartia, og eg veit at Venstre har sett verdien av fjordhestsenteret og har jobba for det, seier Flyum.

Kunne fått store følgjer

Det var i oktober at den lite hyggelege overraskinga stod langt nede i framlegget til neste års statsbudsjett. Regjeringa ville gjere store kutt i løyvinga på 2,3 millionar kroner frå Landbruks- og matdepartementet.

Det kunne fått store følgjer for arbeidet med dei nasjonale hesterasane.

– Vi er sekretariat for Norges Fjordhestlag. Det måtte vi ha redusert. Vi måtte ha redusert vår støttefunksjon til dei, og kunne ikkje ha jobba like mykje med avl som dei siste åra, seier ho og legg til.

– Det hadde gjort det vanskelegare å drive rådgjevingsfunksjon til hesteeigarane der ute.

Snudde negativ utvikling

Norsk fjordhest er ein av dei tre nasjonale hesterasane, og alle rasane har hatt dårleg utvikling med føl siste åra. Utviklinga har ein i år klart å snu.

At regjeringa og deira støttespelarar i Venstre og KrF reverserer kuttet, gjer at ein kan halde fram arbeidet.

– Det betyr også at ein kan halde fram arbeidet med dei andre nasjonale hesterasane. Det er kursing, kompetanse, støtte til Norges Fjordhestlag slik at dei kan jobbe best mogleg. Det samla hestemiljøet treng eit kompetansesenter som jobbar systematisk med avl og bruk av fjordhesten, seier Flyum.