Hopp til innhold

Hestehandel om kunstgras

Sognekraft tilbyr ein million kroner til kunstgrasbane i Leikanger mot at kommunen stør søknaden om vasskraftutbygging.

Grusbana som kan få kunstgras.
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hestehandel, bestikkelse og korrupsjon er ord som blir brukte blant folk i Leikanger. No ber dei Fylkesmannen vurdere om dette er lovleg.

- Dette skurrar

Astrid Hammer Bolstad er SV-representant i Leikanger kommunestyre, og ho likar ikkje ei slik kopling.

- Dette skurrar i mine øyre. For meg høyrest det ut som eit lokkemiddel for å få innbyggjarane til å gå god for ein utbyggingsavtale.

Straum til 9000 husstandar

Henjaelvi
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Henjaelvi er ei av to elvar som Sognekraft vil byggje ut, ei storutbyggjing som etter planen skal gje straum til 9000 husstandar. Kommunen vil få rundt 10 millionar til eit næringsfond, og altså ein million kroner øyremerkte til kunstgrasbane.

- Det er ei stor og viktig sak for kommunen dette med økonomien, men denne eine millionen til kunstgras synest eg det er merkeleg at vi skal binde oss opp til å seie ja til eit vedtak for å få, seier SV-representanten.

- Fullt innsyn

Ressursane frå elva skaper sterke interessekonfliktar i Leikanger. Ord som bestikkelse og korrupsjon er brukt. Politikarane skal bestemme seg for eller mot utbygging 9. juni.

Arild Fossøy (Ap) og Astrid Hammer Bolstad (SV)
Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Bestikkelsar er noko som føregår i det skjulte, vi har ikkje prøvd å legge lok på denne avtalen. Her er det fullt innsyn. Vi prøver ikkje å skjule noko som helst, seier Arbeidarparti-representanten Arild Fossøy.

Men han vedgår at alt kan det forhandlast om.

- Kan sikkert kallast hestehandel

- Det kan sikkert kallast ein hestehandel. Dette er eitt av fleire punkt i ein avtale som har ei totalramme på ti millionar.

Faren er at politikarane kan kome til å stemme anleis enn tenkt fordi dei ikkje vil gå glipp av pengane til kunstgrasbane. Difor har Fylkesmannen fått saka på bordet.