Hopp til innhold

Her handhelsar Hertuginne Kate på Laila frå Førde

OSLO (NRK): Hertuginne Kate tok i mot blomster og fortalde at det var kjekt å vere i Noreg.

Hertuginne Kate og Laila Ekroll

TOK I MOT BLOMSTER: Laila Ekroll opplevde hertuginna som blid og hyggjeleg.

Foto: Vebjørn Stigen

Prins William og Hertuginne Kate er for tida på rundtur i Skandinavia. I går var det Noreg og Oslo som stod for tur.

Stor stas

Laila Ekroll tok turen frå Førde for å få ein augneblink med dei britiske kongelege. Med seg hadde ho ei gåve, rosa tulipanar, som Hertuginne Kate tok i mot.

– Eg fekk helse på Kate, gitt ho blomster og snakka med ho. Det var stor stas, fortel Laila Ekroll.

Kate lurte på kvar Laila kom frå, og fortalde at det var kjekt å vere i Noreg.

Intevju med to kongehus entusiaster i Oslo, ved kongeleg besøk frå england.

Her er kongehusentusiast Laila Ekroll då ho venta på Kate og William utanfor slottet

Stor interesse for dei kongelege

Laila Ekroll fortalde hertuginne Kate at ho var til stades i London våren 2011 under bryllaup mellom ho og Prins William.

– Eg har vore interessert i europeiske kongelege i alle år, fortel Laila Ekroll.

Det var ein ferietur i barndommen som var starten på interessa.

– Då eg var 12 år gammal reiste eg med foreldra mine til Oslo og då besøkte eg slottet for første gong. Då vart eg fasinert, seier ho.

Hallgeir Hansen, rektor Firda Vidaregåande

FEKK OG HELSE PÅ KATE OG WILLIAM: Rektor ved Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, var invitert til slottet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Hallgeir Hansen på slottsmiddag

Hallgeir Hansen, rektor ved Firda vidaregåande skule, var invitert på middag med William og Kate på slottet same kvelden. Her helsa han på prins William og hertuginne Kate.

– Firda vidaregåande skule vart tildela Dronning Sonja sin Skulepris for 2017. Ungdom og skule er ein del av fokuset for besøket, derfor var eg invitert, seier han.

Hallgeir Hansen skildrar opplevinga som høgtideleg, kjekk og staseleg. Han opplevde Kate og William som hyggjelege, imøtekommande og opne.