Hopp til innhold

Hero beklagar sein informasjon

Sjefen for Hero Norge vedgår at Askvoll kommune vart informert for seint om asylmottaket som er planlagt på Askvoll Fjordhotell.

Tor Brekke

– FOR SEINT UTE: Adm. dir. Tor Brekke i Hero Norge seier seg lei for at dei ikkje har informert tidleg nok.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ordførar Frida Melvær i Askvoll seier at det kom som ei bombe på kommuneleiinga og innbyggjarane at hotellet skal bli asylmottak.

– Prosessen har gått bak ryggen på oss. Verken kommunen eller folk flest har kjent til det. Først tysdag kveld kontakta Hero meg. Eg synest det er ein veldig uheldig måte å opptre på, fordi det byggjer uvisse og kanskje konflikt.

– For seint ute med informasjon

No seier administrerande direktør Tor Brekke i Hero Norge seg lei for at dei ikkje har informert godt nok.

– Det er heilt rett at vi var seint ute med informasjon. Eg har sjølv snakka med ordføraren og beklaga at ho og den administrative leiinga i Askvoll kommune ikkje vart informert tidlegare. Det er uheldig, men det knyter seg til at eigedommen vart kjøpt så seint som forrige helg av den som ynskte samarbeid med oss.

Brekke forklarar at dei difor ikkje kunne starte informasjonsarbeidet før dette kjøpet var gjennomført.

– Men eg forstår godt at ordføraren reagerer på det, og eg har beklaga at vi ikkje var tidlegare ute.

Frida Melvær

– BAK RYGGEN PÅ OSS: Ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ordførar Frida Melvær er klar på at også Askvoll må ta del i den dugnaden som no er for å ta imot den store mengda av flyktningar og asylsøkjarar.

– No er det viktig at vi har ein dialog slik at vi kan løyse dette konstruktivt. Vi er i ein krevjande og utfordrande situasjon, der mykje er uavklart.

– Prekær situasjon

Brekke forstår og at folk reagerer på at det einaste hotellet i kommunen blir asylmottak.

– Men eit hotell var den mogelegheiten som kom opp, og då må vi gripe den. Det er viktig at folk forstår at vi er i ein prekær situasjon, der vi må skaffe innkvartering til nesten 300 asylsøkarar kvar dag.

Tor Brekke strekar under at Askvoll Fjordhotell ikkje kjem til å vere asylmottak for evig og alltid.

– Dette er mellombels, og slik eg har forstått den nye eigaren av hotellet er vedkomande innstilt på å bruke det til reiselivsføremål igjen, etter ei tid som asylmottak.