Måndag 14. november vil bli ståande som ein av dei store rasdagane i nyare tid. Den voldsomme nedbøren utløyste skred over store delar av Vestlandet. Flaumstore elvar tok nye løp, og folk sine heimar vart brått utrygge.
Brua ved Fodnes er i ferd med å forsvinne. Foto: Cosmin Cosma.
Bru i ferd med å forsvinne
Dei fleste vegane er opna, men fleire stadar vil det ta lang tid før samferdsla går som normalt. I Årdal forsvann 50 meter av den viktige ferdselsvegen vestover. Ved Fardal i Sogndal er ei bru i ferd med å forsvinne fordi presset frå elva vart for stor.
Månader å rydde opp
Mange hus og gardsbruk er også øydelagde av ras og flaum. Å rydde opp alt saman vil ta månader. Herjingane set også spor i folket som budde på dei råka stadane. Fleire måtte springe for livet då rasa kom.