NRK Meny
Normal

Her vitjar helseministeren førebiletet til sjukehusa

Det kan bli bråk igjen når helseminister Bent Høie (H) no varslar store endringar for lokalsjukehusa.

Det kan bli bråk igjen når helseminister Bent Høie (H) varslar store endringar for lokalsjukehusa. Han vil fjerna det meste av akuttfunksjonar, etter modell frå Sogn og Fjordane.

SJÅ VIDEO: Helseminister Bent Høie (H) dreg fram Nordfjord sjukehus som førebilete på korleis sjukehusa bør organisere seg i framtida. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE/NRK)

Nordfjord sjukehus har ikkje hatt akuttkirurgi på fleire år, men blir likevel løfta fram som framtidas sjukehus i distrikta.

Helseminister Bent Høie (H) vitja Nordfjord sjukehus

OMVISING: Helseminister Bent Høie (H) fekk i dag omvising ved sjukehuset han meiner er førebilete på korleis framtidas sjukehus bør organisere seg i framtida.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Etter modell frå Helse Førde vil helseministeren også fjerne det meste av akuttfunksjonar frå lokalsjukehusa, når Nasjonal helseplan blir lagt fram om kort tid.

– Dette har vist seg som ein modell som trygger sjukehusa og gir gode helsetilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane, uavhengig kvar dei bur. Det har vist seg å fungere godt i praksis, seier Bent Høie (H).

Eit samla tilbod

Det var fakkeltog og knallharde protestar då Nordfjord sjukehus mista mellom anna fødeavdelinga og akuttkirurgi for kring fem år sidan. Spådomane då var at dette var første steg på vegen mot ein undergang for lokalsjukehuset.

Jon Sverre Arnestad og Bent Høie

VIL BEHALDE: Helseminister Bent Høie (t.h.) seier helseplanen ikkje vil leggje ned lokalsjukehus. – Tvert imot vil den vere sikraste løysinga for nettopp å halde oppe dei mindre sjukehusa, for dei har vi behov for framover, seier han.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Men no ynskjer altså helseminister Høie at fleire lokalsjukehus skal følgje etter.

– Det viktigaste er menneska og sjukehusa som jobbar saman i nettverk, og ikkje minst sjukehusa sin bevisstheit på kvarandre si rolle slik at pasienten møter eit samla sjukehustilbod der sjukehuset jobbar i team.

– Ei stor lette

– Det har gitt innbyggjarane i Sogn og Fjordane eit betre og breiare sjukehustilbod enn ein hadde hatt om ein til dømes hadde valt å leggje ned sjukehusa i Nordfjord og Lærdal, og konsentrert alt om Førde, held Høie fram.

Nils Barvåg

PASIENT: Nils Barvåg har nyresvikt og må tre gonger i veka på dialysebehandling ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Dialysemaskina var eitt av tilboda ved Nordfjord sjukehus som vart betre og større etter omlegginga. Nils Barvåg frå Eid har nyresvikt, og er ein av dei som har fått eitt betre tilbod.

– Når ein er blitt sjuk, og det krev ei så pass omfattande behandling, så er det ei stor lette at ein har lokalt tilbod, seier Barvåg.

– Framtidsretta

Sjølv om Høie meiner at teknologien ikkje er det viktigaste for lokalsjukehusa, vedgår overlege Jon Sverre Arnestad at Telemedisin har endra sjukehuset og måten pasientar vert behandla på.

Jon Sverre Arnestad

POSITIVT: Overlege Jon Sverre Arnestad seier dette om påverknaden som telemedisin har på akuttilbodet: – Ein har akuttilbod både i Lærdal og Nordfjord, men dersom ein lét utviklinga i kirurgien avgjere, så hadde ein stått utan akuttilbod for mange pasientar i både Nordfjord og Lærdal.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Det har vore viktig for å halde breidda i den akuttmedisinske beredskap, ved at slagpasientar blir tekne i mot med like høg kompetanse som i Førde. Det gir moglegheit til raskare behandling enn det elles ville vore, seier han.

– Kva er di erfaring etter å ha prøvd dette i fire, snart fem år?

– Sjukehuset har sjølvsagt mista funksjonar, men samstundes er sjukehuset meir framtidsretta. Det vi har att er tryggare enn det var, ved at kvaliteten på tilbodet er høg og at pasientar, særskilt kronikarar og eldre, faktisk får eit breiare og meir spissa tilbod ved lokalsjukehusa i dag enn tidlegare, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser