Hopp til innhold

Her viser hjorten fram sine beste fotballtriks

På veg til jobb fekk Mette Osland i Florø sjå driblekunstar dei færraste har opplevd.

SJÅ FLORØ-HJORTEN SPELE FOTBALL: Her kan du sjå hjorten sine beste fotballtriks.

I farta og på veg til arbeid ved Florø vidaregåande skule i dag tidleg, måtte Mette Osland frå Florø stogge litt opp då to hjortar plutseleg var framfor bilen hennar.

– Den eine forsvann, den andre hjorten blei ståande igjen med ein ball, fortel Osland.

– Han begynte å spenne og drible, og var heilt i hundre, seier ho.

Osland filma hjorten ei lang stund, før ho måtte køyre på arbeid. Då forsvann også hjorten.

– Eg lurer på kor lenge eg kunne filma, for han verka veldig interessert i det, ler ho.

Mette Osland

SJELDAN SYN: – Han spente og hoppa rundt i ring, og var veldig ivrig. Han hadde forstått at det var slik ballen skulle brukast.

Foto: PRIVAT

– Ein mogleg forsterkar til fotballaget i Florø?

– Det er sikkert det, ja, ler Osland.

– Det var ganske spesielt, eg har ikkje sett noko slikt før.

Hjorten i Florø har likevel litt å jobbe med, for hjorten på Bønes i Hordaland kan også score mål.