I dag handsama styret i Helse Førde tilsvaret som Overlegeforeininga og Yngre Legars foreining sende etter granskinga av Helse Førde i vinter.
I tilsvaret peika dei på åtte punkt som dei meiner var feil eller kritikkverdig i rapporten som granskarane frå Steenstrup Stordrange la fram i januar.
Samstundes gjekk dei ut i NRK og sa det vart skapt ei tillitskrise mellom administrerande direktør Jon Bolstad og leiinga i fleire nivå nedover i organisasjonen. Legane meinte styret måtte gjere «radikale endringar» i føretaksleiinga.
I styremøte i dag bad tilsetterepresentantane om ein ny ekstern gransking av uroa i helse Førde. Men det gjekk ikkje fleirtalet i styret med på.
Mana til samarbeid
I staden mana fleirtalet, alle representantane som er oppnemt av Helse Vest, til ro og bad tilsetterepresentantane sjå framover.
– Vi skal utvikle framtidas sjukehus og bruke 1,6 milliardar på det. Det er ikkje berre eit byggeprosjekt, men eit organiseringsprosjekt som vil endre måten vi jobbar på. Kor mykje tid skal vi då bruke på å sjå bakover, spurte Atle Hamar.
Styreleiar Agnes Landstad kritiserte legeforeiningane for å gå ut i media og skape frykt blant befolkninga med å seie at uroa i helseføretaket går ut over pasientane.
Tilsetterepresentant Hans Jacob Westbye meinte derimot at det nye sjukehuset ikkje blir bygd på fast fjell, men på ei hengemyr.
– Det er så mykje frustrasjon i organisasjonen. Eg tykkjer tilbakemeldingane som styret har fått frå organisasjonen, er så alvorlege, at det ikkje er grunnfjell vi bygger eit slikt prestisjeprosjekt på, sa Westbye.
Eige framlegg
Styret brukte fleire timar på saka, der granskarane frå i vinter først orienterte kva dei hadde funne, for å svare på tilsvaret til legane.
Deretter la administrerande direktør Jon Bolstad fram kva som er blitt gjort i organisasjonen etter at styret handsama granskingsrapporten.
Han orienterte også om tilbakemeldingar frå avdelingssjefane som hadde peika på ting helseføretaket må bli betre på. Mykje dreia seg om kommunikasjon.
Tilsetterepresentantane hadde sitt eige framlegg, der dei mellom anna kravde ny ekstern gransking av uroa. Men framlegget til Agnes Landstad, som inneheldt formuleringar om «konstruktivt og respektfullt samarbeid om tenestene der alle spelar på lag», vart vedteke.
Styret er splitta
Dei seks Helse Vest-oppnemde representantane stod mot dei fire tilsetterepresentantane.
Styreleiar Agnes Landstad er samd at utgangspunktet for ro og tillit difor ikkje er heilt til stades.
– Eit splitta styre er ikkje det beste utgangspunktet, men samstundes har vi eit styre som vil følge vedtaket som fleirtalet har gjort.
– Men det er framleis ei djup skepsis til toppleiinga hjå dei tillitsvalde?
– Vi får demonstrert ulike røyndomsbilete her. Dette er ei skildring som må stå for avsendar si rekning. Eg trur biletet er monaleg meir nyansert, seier Landstad til NRK.
Anna syn
Dei tilsetterepresentantane tok vedtaket til vitande.
– Dei eigaroppnemde styrerepresentantane har eit anna bilde av situasjonen i organisasjonen enn kva dei tilsette opplever, seier tilsetterepresentant Hans Jacob Westbye.
Han meiner fagorganisasjonane har opptredd ryddig i saka og avviser kritikken frå styreleiaren.
– Eg synest eit helseføretak må ha ei praktiserande openheit i si forvalting, seier Westbye.