NRK Meny
Normal

Her vinkar tjuven til kameraet

Her ser du tjuven vinke til overvakingskameraet midt under eit innbrotsraid i Høyanger natt til onsdag.

Den lokalkjende tjuven i 30-åra hadde ikkje dårlegare tid enn at han tok seg tid til å vinke til kameraet då han braut seg inn hos Coop Høyanger.

- Ingen skruplar

Disponent Bjørnar Kvarsvik er oppgitt over kor frekk det går an å vere, for tjuven har han nemleg sett før.

- Han visste om at vi hadde overvakingsutstyr, for eg har hatt han oppe på kontoret før for nasking. Når han no i tillegg vinkar til kameraet viser det at han ikkje har skruplar, seier ein hovudristande disponent til avisa Firda.

Stal ein sekspakning øl

Overraskinga var stor hos Kvarsvik då han sjekka overvakingskameraet morgonen etter innbrotet. Her såg han mannen, like før han gjekk inn i daglegvareforretninga, sjå opp mot kameraet før han løfta begge hendene, nett som i ein amerikansk actionfilm.

Mannen vart pågripen utpå onsdag. Politiet mistenkjer mannen for å stå bak fem innbrot i Høyanger natt til onsdag. Hos Coop stal han ein sekspakning øl og ein plastpose. På tannlegekontoret tok han med seg ei reseptblokk som han forsøkte å bruke dagen etter for å lure til seg medikament på apoteket.

Varetektsfengsling

Politibetjent Kåre Jan Hoffrenning seier til Firda at mannen truleg vil verte varetektsfengsla i fleire veker på grunn av faren for gjentaking. Han risikerer også tiltale for fleire forhold innan vinning, vald og narkotika.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.