Hopp til innhold

Her vil politimeisteren gje deg pass i framtida

Skal du ut og reise og treng nytt pass? Då må du truleg til Eid, Florø, Førde eller Sogndal, om politimeisteren får det som han vil.

passkontor

I dag kan du få pass på mange av lensmannskontora i fylket, men samstundes som fleire kontora vert lagde ned, vert også tilbodet til innbyggjarane endra.

– Vi skal ha utstyr for å lage pass i Eid, Flora, Førde og Sogndal dersom vi får medhald i vårt forslag, seier prosjektleiar for nærpolitireforma Helge Stave, i Vest politidistrikt.

Forslaget kjem frå politimeisteren i Vest Politidistrikt og må først bli vedteke sentralt. Endringa kjem truleg hausten 2018.

Fleire må køyre lengre

Omlegginga betyr mellom anna at alle i Nordfjord må til Nordfjordeid for å få seg pass, noko som betyr over 2 timar i bil for enkelte innbyggjarar.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

EI ULEMPE: Lensmann i Eid, og snart lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum vil få reiseklare innbyggjarar frå heile Nordfjord til kontoret sitt på Eid.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Frå 1. januar 2018 vert Tormod Hvattum lensmann for Nordfjord. Han vedgår at omlegginga vert ein ulempe for mange.

– Eg ser jo heilt klart at det er mange som ikkje vert veldig begeistra for å køyre ein time for å få pass. Det vert ein ulempe, seier lensmannen.

Hvattum seier dei vil organisere utskrivinga av pass annleis enn i dag.

– Det vert timebestilling, så du vil truleg sleppe ventetid. Det er vanskeleg å seie, men alle vert ikkje like begeistra for det tilbodet.

Strengare krav

Stave avviser at det er økonomiske innsparingar som ligg bak kuttet.

– Politiet i Norge har dessverre scora dårleg på kvaliteten på reisedokumenta våre. Konsekvensane vert at vi må samle passutstyret vårt på færre stadar, for vi får strengare krav til tryggleik og opplæring til dei som skal betene utstyret. Då endar vi opp med fire plassar i Sogn og Fjordane, seier Stave.

​ Korleis trur du dette vil bli motteke?

– Det er eg litt usikker på. Vi har forsøkt dette andre stadar, og det vert teke i mot på ulik måte. Ein får lengre reiseveg, samstundes som det vert vist forståing for at politiet må prøve å bli meir effektive på nokre område for å bli betre på andre, seier prosjektleiaren.