Her vil han ta i mot 180 syriske flyktningar

Dersom spadane vert sette i jorda raskt, trur Runar Tengel Hovland (V) at Naustdal vil kunne ta i mot 180 flyktningar frå Syria i løpet av eitt år.

Vil ta i mot 180 flyktningar i Naustdal

VIL OPNE FOR FLEIRE: Leiar i Naustdal Venstre, Runar Tengel Hovland, trur Naustdal kommune har plass til å ta i mot 36 syriske familiar på eitt år.

Foto: NRK/Privat
Vallogo

Leiaren i Naustdal Venstre har late seg røre av flyktningkrisa i Europa. Runar Tengel Hovland seier det er rom for 36 syriske familiar med 180 flyktningar i løpet av eitt år, og meiner busetting kan setjast i verk raskt, ved Grimsetmarka, Sylvdalen og Coop-bygget i sentrum.

– Kan ikkje klare det åleine

Venstrepolitikaren vil også nytte nedlagde skular, barnehagar og tenestebygg, for å spare pengar. Han er heilt klar på at kommunen ikkje kan klare eit slikt løft som han foreslår åleine.

– Vi er ein fattig kommune med høg gjeld og kjem til å få endå høgare gjeld, som mange andre norske kommunar. Dette er ei oppfordring også til staten om å ta eit mykje større ansvar, seier Hovland.

Runar Tengel Hovland

BUSTAD: Her på Coop-bygget i sentrum, vil Hovland lage leilegheiter for å huse nokre av dei 180 flyktningane han meiner kommunen kan ta imot.

Foto: Rune Fossum / NRK

Finansiering til bustader, skular, barnehagar og tilsetjing innanfor ulike tenesteområde, må på plass dersom dette blir ein realitet.

– Korleis skal kommunen klare å integrere så mange flyktningar på same tid?

– Det veit eg ikkje. Det vil vere ei utfordring, seier han, men legg til:

– Dersom vi tek på oss oppgåva trur eg vi vil trekkje til oss naudsynt kompetanse og arbeidskraft, som vil hjelpe med integreringa. På den andre sida er det eit spørsmål korleis folk i Naustdal vil ta imot så mange på ein gang.

Ordføraren open for fleire flyktningar

Håkon Myrvang

ORDFØRAR: Håkon Myrvang.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Naustdal tek i mot 16 flyktningar i år og skal gjere det same neste år – meir enn integrerings og mangfalsdirektoratet (IMDI) ber om. 180 ville vore ein enorm auke, seier ordførar Håkon Myrvang (Ap).

– Vi ser tragiske bilete frå flyktningsituasjonen, og det er eit veldig bra tiltak Venstre set fokus på her. Vi har store bustadplanar i Naustdal, og dei kan vi bruke i denne situasjonen.

Myrvang meiner det er for tidleg å sette eit tal på kor mange Naustdal kan ta imot, men er open for å auke talet på 16 neste år.

– Vi skal ta vår del av jobben i den forferdelege situasjonen desse folka opplever. Men vi er avhengige av at nasjonale styresmakter set kommunane i stand til å gjere jobben sin.

Meiner talet er urealistisk

Ordførarkandidat for Senterpartiet i Naustdal, Erlend Herstad, meiner talet på 180 er urealistisk høgt.

– Ein kommune som Naustdal må nok ta dette i sitt eige tempo og ikkje ta i mot så mange på ein gang. Då trur eg integreringa vil bli dårleg. Eg er likevel for at vi skal bygge oss opp erfaringa som trengst for å kunne ta i mot fleire flyktningar etter kvart, seier Herstad.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.