Hopp til innhold

Her vil dei slå seg til ro

Den 4. januar fekk Nordfjord Hotell på Nordfjordeid nytt vertskap. Tomas Perers (32) og Katarina Norell (29) tok over drifta etter Eli Førde Aarskog og Jostein Aarskog.

Thomas Perers, Katarina Norell og

KLARE FOR NORDFJORD: Thomas Perers og Katarina Norell med tre månader gamle Ebba.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Begge kjem frå den svenske landsbygda nær Falun. Dei har vakse opp med skisport, friluftsliv og hestesport, så Nordfjordeid passar midt i blinken, seier dei.

Tomas har alt lang fartstid i norsk reiseliv. Han kom til Trysil i 2006, sidan har han hatt arbeid på Hafjell, i Hemsedal, Geiranger, Myrkdalen og Flåm. Og Katarina har vore med på det meste av ferda rundt om i Norge. Ho kryssa grensa i 2007.

Dei hamna på Nordfjordeid fordi dei var interesserte i å finne ein overnattingsstad dei kunne drive sjølve, seier Thomas.

Nordfjord Hotell på Nordfjordeid

FÅR NYTT VERTSKAP: Nordfjord Hotell på Nordfjordeid,

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det tok to år

– Vi var rundt og sjekka på kva som fanst. Første tanken var å flytte heim til Sverige, men slik vart det ikkje. Så dukka det her opp. Det gjekk faktisk to år før vi kom i mål med det. Vi var hit og diskuterte, så avlyste vi, men så kom vi på ballen igjen i mars i fjor. Då fekk vi ei løysing, og no kjennest det veldig bra.

Katarina kan skrive under på at førsteinntrykket av hotellet og Nordfjordeid er bra.

– De kjennest positivt, vi har ikkje kome skikkeleg inn i samfunnet enno, men det kjennest bra, og alt som har med hotellet å gjere er kjempebra. Alle er veldig trivelege og opne, så dette trur vi blir veldig bra.

Eli Førde Aarskog

OVERLET ANSVARET: Eli Førde Aarskog.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Store sko å fylle

Dei tek over etter eit par som har drive Nordfjord Hotell i 33 år, Eli Førde Aarskog og Jostein Aarskog.

– Det er store sko å fylle, seier Thomas. Men vi må gjere vår eigen vri på drifta. Vi overtek eit godt grunnlag, som vi vil vidareutvikle og ta nye steg. Det blir nye tider på hotellet, men mykje av det gamle blir verande, så folk skal kjenne seg igjen.

Nordfjordeid er den sjette staden i Norge dei to arbeider på i løpet av ni år. Det kan tyde på at dei er rastlause av natur, men no er planen å slå seg til ro for ei stund. I september vart dei foreldre for første gong då vesle Ebba kom til verda.

Jostein Aarskog

OVERLET ANSVARET: Jostein Aarskog.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi tenker på ein annan måte no når vi har fått ei lita jente. Tidlegare var Fretheim Hotel i Flåm den staden vi hadde vore lengst, i to og eit halvt år, elles har det vore sesongjobbing.

I Flåm lærde dei mykje om det å drive turisthotell med store sesongvariasjonar.

– Det var ofte smekkfullt i sesongen, så vi skal iallfall ikkje få panikk om det blir fullbooka her på Nordfjord Hotell. Men vi reknar med at det blir meir stabil drift her enn på Fretheim, seier Thomas Perers.