Hopp til innhold

Her vil dei ikkje høyre snakk om kommunesamanslåing

I ei spørjegransking seier 42 prosent av dei spurde i Høyanger kommune at dei ønskjer kommunen skal halde fram som i dag - utan å slå seg saman med ein nabokommune.

Høyanger sentrum

VIL IKKJE: 42 prosent av dei spurte vil ikkje at Høyanger skal slå seg i hop med ein annan kommune. Resten ser for seg fire-fem andre alternativ.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det kjem fram i innbyggjargranskinga som Sentio analyse har gjort for kommunen. Granskinga vart gjennomført siste veka i april 2015. I alt vart 301 personar intervjua per telefon.

– 42 prosent av innbyggjarane ønskjer å halde fram som eigen kommune. Resten svarar at dei ser for seg å gå i fire-fem ulike alternativ til kommunesamanslåing. Det store fleirtalet ønskjer heilt klart å halde fram som i dag, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Han peikar på at sjølv om 56 prosent ønskjer eitt av fleire moglege samanslåingsalternativ, har ingen av desse fått større oppslutnad enn alternativet der Høyanger held fram som eigen kommune.

Balestrand står øvst på ønskjelista

Når dei spurde i granskinga fekk spørsmål om kven dei ville slå seg i hop med, dersom dei måtte velje ein nabokommune, så valde 66 prosent at dei ønskte å slå seg saman med Balestrand.

– Eg snakkar med mykje folk, og akkurat dét overraska meg ikkje. Balestrand er nok heilt klart eit alternativ folk i Høyanger går for, dersom dei må velje, seier Sortland.

Han peikar på at kanskje spesielt dei som bur i Høyanger tettstad ser på avstanden til Balestrand som svært liten.

Skal ikkje undervurdere dei unge

Granskinga syner også at kvinner, i større grad enn menn ønskjer at Høyanger skal halde fram som eigen kommune.

– Det er også interessant at unge under 30 år i størst grad ønskjer å halde fram som eigen kommune. Det tykkjer eg er spesielt. Det handlar om at ungdom er meir vakne på dette spørsmålet enn ein kanskje skulle tru, seier Sortland.

Han tykkjer likevel ikkje det er rart.

Petter Sortland

NØGD: - Eg er glad for at vi har fått klare svar i granskinga. Det skal vi bruke i det vidare arbeidet, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Foto: Privat

– Dei brukar mange av dei offentlege og lokale tenestene. Ein skal ikkje undervurdere ungdom. Dei har klare svar på det som angår dei og deira kvardag, og det har vi fått. Det er veldig gledeleg, seier Sortland.

Fryktar tap av arbeidsplassar

– Dei viktigaste årsakene til at folk i Høyanger ønskjer å halde fram som i dag er nok frykt for avstand til dei offentlege tenestene. I tillegg ser ein for seg bortfall av viktige, lokale offentlege arbeidsplassar i dragsuget av det å gå inn i ein større kommunekonstellasjon, seier Sortland.

I granskinga peikar 58 prosent av dei spurte på at dette er eit viktig moment.

Sortland meiner granskinga gir eit representativt bilete av korleis folk i Høyanger tenkjer og meiner om kommunesamanslåing.

– Vi skal ha ein runde i vårt lokale utval som vi har sett ned i samband med kommunereforma. Dette vil vidare verte ei sak for oss i kommunestyret 16. juni. Dette er ein viktig temperaturmålar for oss, seier Sortland.