NRK Meny
Normal

«Bustadboom» på Nordfjordeid

Over 150 leilegheiter er planlagde eller under bygging på Nordfjordeid. Det blir bygt så mykje at det snart kan bli stagnering i salet, trur Rune Sunde i entreprenørselskapet Dvergsdal og Sunde.

Rune Sunde bygger store hus

BUSTADAR: Rune Sunde er avdelingsleiar i eit selskap som bygger kompleks med fem etasjar i strandsona i Nordfjordeid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det blir reist både høgbygg og lagt ut nye tomter i Eid. Ei oppsummering NRK har gjort etter ei ringerunde syner at over 150 leilegheiter er planlagt eller under bygging. Rune Sunde i Dvergsdal og Sunde har for fyrste gong selt bustadar med kvadratmeterpris over 50.000 kroner.

– Vi har prøvd å dekke eit behov i marknaden, seier Rune Sunde frå toppen av det første bustadkomplekset på fem etasjar.

Det er første byggesteg som selskapet held på med i denne omgangen Snart kjem det opp to blokker til, med 15 og 12 husvære.

Og dei er ikkje dei einaste, for på Nordfjordeid er det mange byggeprosjekt om dagen.

Dvergsdal og Sunde har til saman 83 bueiningar på gang. I Lunden i sentrum planlegg firmaet Din Bustad minst 40 bustadar i fortetta større bygg. Vågsøy-verksemda UNU legg i sommar 11 mindre leilegheiter ut for sal. I tillegg er fleire mindre byggeprosjekt under førebuing, og det kommunale bustadfeltet Hogaåsen står klart med 50 nye tomter.

Ikkje alle likar store bygg i strandsona

Eit av bustadkompleksa Dvergsdal og Sunde bygger på Nordfjordeid blir kalla Sagaparken Panorama.

Der blir det fem etasjar, nede ved sjøen. Det har vore delte reaksjonar frå folk om prosjektet.

– Det ville vere unaturleg om folk ikkje reagerte på fem etasjars blokker i strandkanten. I slike prosjekt er det både folk som har innvendingar og er har negativt å seie om det, men det er også dei som synest bygget har sin plass i sjøkanten, seier Sunde.

Kollega Ole Petter Henden i bygningsfirmaet Opal satsar heller på mindre einingar på Nordfjordeid.

Pengar er grunnen til at dei ikkje bygger større.

– No må vi ha rundt 50 prosent førehandssal før vi startar å bygge. Større blokker krev endå meir kapital før du kan starte bygginga, seier Henden.

Ole Petter Henden

OPAL: Ole Petter Henden er dagleg leiar i eit selskap som bygger leilegheiter og tomannsboligar i Nordfjordeid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Trur ikkje det vil smelle

Eid kommune har rundt 6000 innbyggarar i dag. I 2016 auka folketalet med rundt 50 personar.

Rune Sunde trur tilflyttarane er noko av grunnen til at salet har vore godt. No blir det bygt mykje, og kanskje betyr det stagnering i salet.

– Det er vanskeleg å spå rundt dette. Byggebransjen går litt opp og ned til ei kvar tid. Men eg trur vel at det kanskje vil stagnere litt på Nordfjordeid sidan det har vore mykje bygging den siste tida, seier Rune Sunde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.