Hopp til innhold

Her vil dei bygge framtidas treby

LÆRDALSØYRI (NRK): I Lærdal kan det komme ein moderne tre-tettstad som skal bli like attraktiv som den gamle trebusetnaden på Lærdalsøyri.

Vil bygge ny treby på Lærdalsøyri

HER SKAL BYEN LIGGE: Mellom Lerum-fabrikken og Norsk Villakssenter vil Fretland Bygg utvikle ein moderne treby. F.v.: dagleg leiar i Trefokus, Aasmund Bunkholt, styreleiar Hallvard Thomassen i Fretland Bygg og ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

Selskapet Fretland Bygg har teikna ein intensjonsavtale med grunneigaren om utbygging av det om lag 18 mål store området på Indregrandane i Lærdal sentrum.

Blir prosjektet ein realitet, kan arealet gje plass til 300–400 nye husvære og bli bygd ut over fleire år.

– Her har me lyst til å utvikle den nye trebyen i Lærdal. Vi er jo kjent for den gamle trehusbusetnaden. På Indregrandane ser vi eit stort potensial i å vise korleis me kan bygge med tre i framtida, seier styreleiar Hallvard Thomassen i Fretland Bygg.

Sjå på funksjonar

Trebyen skal byggast etter ny treteknologi der ein unnlet å bruke stål og betong. Thomassen meiner tre er eit fantastisk miljømateriale. Teknologien er komen langt og Thomassen ser føre seg Lærdal som føregangstettstaden for bygging i tre i Norge.

– Me må sjå kva funksjonar ein by, eller ei grend for framtida skal innehalde. Eg ser føre meg ein miks av bustadar og forretningar. Me skal bygge for framtidige generasjonar, og få meir liv og røre slik det var på gamle Lærdalsøyri.

Vil bygge trehusby i Lærdal

INDREGRANDANE: Dette er området som skal utviklast.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

Kremtomt

Dagleg leiar Aasmund Bunkholt i Trefokus var til stades då dei tilsette vart informert. Han fortalde om teknologien og forskinga på massivt tre som etter hans meining gjer tre til framtidas byggemateriale utan stål eller betong.

– Tre er det einaste fornybare byggemateriale me har. Det senkar CO2-utsleppa frå byggenæringa. Trekonseptet er i dag konkurransedyktig mot det eg kallar dei gamle måtane å bygge på, som er stål og betong, seier Bunkholt.

Han lovprisar planane for Indregrandane.

– Dette er ei kremtomt og den flottaste tomta i Lærdal. Her bør den moderne trebyen utviklast og setje standard for korleis bygge nye tettstadar i Norge. Staden kan bli like interessant å besøke som gamle Lærdalsøyri, seier Bunkholt.

–Bør ein ny tettstad byggast annleis enn den gamle?

– Ja, vi lever i 2016 og skal forme tettstadane våre i eit 2016-perspektiv. Eg meiner me må tenkje på tvers av generasjonar og tenke at funksjonar som barnehage, kulturskule og kafé blir samla.

Planar om trehusby i Lærdal

INFO: Dei tilsette vart informert om planane før helga.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Attraktivt

For ordførar Jan Geir Solheim er planane som musikk for øyrene.

– Lærdal har mykje å vere stolt av, som til dømes historia vår. Men det å skape ny historie og nye måtar å tenke på har eg stor sans for.

– Er det behov for mange nye bustadar og forretningshus?

– Meir enn me trur. Vi går her og spekulerer på kvifor me ikkje er blitt fleire innbyggarar. Eg trur svaret er at me ikkje har tort å satse. Med Lærdal si geografiske plassering og felles arbeidsmarknad i Indre Sogn meiner eg dette kan bli ein attraktiv buplass.