Hopp til innhold

Spissar er det einaste Bakke ikkje treng

SOGNDAL (NRK): Eirik Bakke si førebelse handleliste er klar. – Vi har ein del namn på blokka, vedgår den nye Sogndal-trenaren.

Eirik Bakke blant spelarane på trening

SPEIDAR: Sogndal Fotball sin nye hovudtrenar, Eirik Bakke, har starta arbeidet med å styrke spelarstallen framfor 2015-sesongen. Her er han på den første treninga etter vinterferien.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal Fotball står føre store endringar etter nedrykket frå eliteserien. Hovudtrenaren har stabla på beina sitt eige støtteapparat.

No er Eirik Bakke i full sving med å setje sitt preg på spelarstallen. Kva namn han har på blokka, vil han ikkje seie.

– Vi tek oss god tid, og bruker januar og februar på å å finne dei rette typane som kan forsterke oss. Slik troppen ser ut no, så treng vi ein keeper, ein midtstoppar og ein kantspelar, seier sogndølen.

Mange har reist

Ørjan Hopen er ikkje med vidare, danske Tonny Brochmann har reist til Sandnes Ulf og Helge Haugen legg opp for å bli fysisk trenar i det nye støtteapparatet på Fosshaugane.

Leigesoldatane Edward Ofere, Kenneth Udjus og Tom Söderberg har reist, medan det er uvisst kva som skjer med Christophe Psyché, som kom på korttidskontrakt.

Sogndal sitt trenarteam 2015

NYTT TRENARTEAM: Eirik Bakke (i midten framme) flankert av assistent Ian McParland (t.v.) og Terje Skjeldestad (keepertrenar). Bak f.v.: Ynge Myhre (medisinsk leiar/fysioterapeut), Marius Bøe (toppspelarutviklar og hovudtrenar Sogndal 2), Helge Haugen (fysisk trenar).

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi fått behalde dei vi har lyst til, så blir det sikkert ein del utskiftingar utover også, seier Bakke.

Sonderer talent

Bakke har varsla eit sterkare lokalt preg på Sogndal Fotball. I det ligg eit fortløpande sonderingsarbeid.

– Vi ynskjer hospitantar frå fylket inn i treningskampar og inn i treninga for å sjå nærare på dei, og å leggje eit løp for dei. Vi har spelarar i eigen klubb som får sjansar i kampane utover, seier Bakke.

– For å få fram dei unge frå fylket må vi hente dei rette spelarane. For det er ikkje dei som skal bere Sogndal, legg hovudtrenaren til.

Har is i magen

Førebels jaktar ikkje Bakke nye namn på spissplass. Der har klubben allereie Mahatma Otoo, Ulrik Flo, Kristian Fardal Opseth, Tim Nilsen og Martin Trøen.

– Men reiser nokon av dei, så opnar det seg også opp moglegheit for ein spiss, seier han.

– Du er tolmodig og har is i magen?

– Vi får snakkast i mars om eg er like kald, og har fått inn typane eg vil ha inn. Det er viktig at vi finn oss sjølve, ser kva vi har, og byggjer vidare på det.