NRK Meny
Normal

Her vil både bonden og kyrne trivast godt

FØRDE (NRK): Vaklande, nølande og usikker tuslar mjølkekyrne «Gamla» inn i hennar nye høgteknologiske kvardag i fjøset i Massdalen. – Her får dei det fint, seier bonden.

Spa og veggmaleri blir den nye kvardagen for nokre heldige kyr i Førde. Ekteparet som står for gardsdrifta har brukt 10 millionar for at alle skal ha det betre.

SJÅ TV-SAK: Det tok si tid, men til slutt oppdaga «Gamla» fridomen i det som truleg er fylkets flottaste – og mest kunstneriske – fjøs. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

Kunstverk på veggen, eiga spaavdeling og stor boltreplass. «Gamla» og resten av kyrne til Kjell Arne Flaten skal få ein alderdom i luksus.

– Dette er nytt både for oss og kyrne, seier bonden i det mjølkekyrne får sitt første møte med deira nye kvardag.

NRK omtala saka tidlegare denne veka. I dag var dagen der dei 16 kyrne på garden skulle prøve ut det nye fjøset.

Flaten har investert ti millionar kroner, når han no legg om til lausdrift.

Kjell Arne Flaten

SPENT: Kjell Arne Flaten var spent på om kyrne ville godkjenne den nye heimen deira.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

På veggen har Laila Garlid frå Stryn måla traktoren på garden i full sving med slåtten. Det er også måleri av mjølkekyr på beite.

– Det har med trivselen å gjere. Ikkje minst for oss jobbe her. Det er ein arbeidsplass, så kvifor skal ikkje vi ha det i ein fjøs når andre har det på sine arbeidsplassar, seier Flaten medan «Gamla» tek sats.

For kyrne såg ut til å godkjenne det nye fjøset.

– No får dei det jammen fint. Du ser kor dei dansar og allereie er på liggebåsane, humrar han.

I TV-saka øvst kan du sjå reaksjonen til kyrne då dei kom inn i fjøset.