NRK Meny
Normal

Her ventar dei brutale kutt

I dag la rådmannen fram sine forslag for at Selje kommune skal kome i mål med budsjettet for neste år.

Selje i Sogn og Fjordane
Foto: Stig Silden

Kuttlista politikarane har fått i hendene er mildt sagt tøff lesnad.

Forslaga omfattar nedlegging av Flatraket skule, å stenge ei avdeling på sjukeheimen, å kutte årsverk i administrasjonen, stenging av aktivitetssenter for personar med nedsett funksjonsevne og sal av omsorgsbustadar.

– Eg har jobba i Selje kommune i mange år. Dette er det vanskelegaste eg har vore oppe i både som fagperson og som innbyggjar. Men vi kan ikkje bli handlingslamma og vi kan ikkje lene oss tilbake og tru at dette vil gå over, seier rådmann Åse Elin Hole.

Uroa for dei eldre

Ho likar ikkje situasjonen i det heile.

– Det er ikkje enkelt å velje vekk gode, utan å kunne erstatte det med noko anna. Men vi har kome i den situasjonen at vi ikkje lenger kan nytte den anerkjente ostehøvelmetoden, seier ho.

Hole er spesielt uroa for dei åtte personane på den nedleggingstruga avdelinga på sjukeheimen.

– Denne målgruppa har ingen som står på barrikadane eller går ut i media for å støtte dei i denne prosessen. Eg synst det er forferdeleg, seier Hole.

Ho seier det vil bli ei utfordring å få til eit forsvarleg tilbod til dei eldre, i den økonomiske situasjonen dei er i.

– Alle som har rett på nødvendig helsehjelp, skal få det. Utfordringa er om vi kan yte den hjelpa dei treng heime hos dei sjølve, seier rådmannen.

Forstår reaksjonar på skulekutt

Ho forstår dersom foreldre og elevar vil reagere på lengre reisetid som følgje av nedlegging av Flatraket skule. Men er viss på at elevane vil få eit like godt skuletilbod som før.

– Eg veit at dei vil få det same faglege tilbodet på den andre skulen, for dei er underlagt dei same lovheimelskrav som på Flatraket skule. Utfordringane er den ekstra vegen som ungane vil frå, seier ho.

Ordførar Ottar Nygård er einig med rådmannen i at dette er den verste situasjonen kommunen har vore oppe i.

Ordførar i Selje, Ottar Nygård, står ovanfor ei tøff kuttliste

MÅ SJÅ PÅ EIGEDOMSSKATT: Ordførar i Selje, Ottar Nygård, meiner dei økonomiske tidene fordrar at politikarane på ny vurderer å innføre eigedomsskatt i kommunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det har blitt vanskelegare kvart år. Kommunen har hatt nedgang i løyvingane uavhengig av kva regjering som har sete, grunna nedgangen i folketalet. Når vi då ikkje har tilpassa oss den økonomiske situasjonen vi er i, så blir det vanskeleg, seier han.

Ønskjer å innføre eigedomsskatt

Likevel seier han kuttforslag er som forventa.

– Økonomisjefen og rådmannen har vore rimeleg tydelege i det dei har lagt fram tidlegare, men det er klart det smertar ein ordførar når ein får sjå det på trykk og ein no skal byrje å jobbe med det, seier han.

Formannskapet skal ha møte neste onsdag. Deretter skal kommunestyret handsame budsjett og økonomiplan den 15. desember.

Selje er ein av dei få kommunane i fylket som ikkje har innført eigedomsskatt. Ordførar Nygård meiner det er på tide å sjå dette spørsmålet på nytt.

– Dei utfordringane vi står ovanfor fordrar at vi utnyttar alt det inntektspotensialet som ligg der, seier han.

Kjem ikkje unna kutt

Han har både som ordførar, og tidlegare som folkevalt, teke til orde for innføring av eigedomsskatt i kommunen. På førre kommunestyremøte vart forslaget nedstemt med ni mot åtte røyster.

– Eg kjem til å vere initiativtakar til at det kjem opp på nytt, for eg ser ikkje at vi har moglegheit til å velje vekk det, seier han.

Ifølgje økonomisjefen vil kommunen kunne hente opp mot 2,5 million kroner årleg.

– Dette er inntekter vi ikkje kan sjå vekk ifrå, seier Nygård.

Likevel, med eit underskot som nærmar seg 10-15 millionar, må det uansett kuttast.

– Etter mitt syn er vi er nøydt til å innføre eigedomsskatt, redusere i administrasjonen og i tillegg gjere ein del strukturendringar. Dei utfordringane vi har er utruleg krevjande, seier ordføraren.



Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser