Her vaska "Dagmar" vekk vegen

Den vesle bygda Otterdal i Hornindal er utan vegsamband etter at uvêret vaska vekk store delar av vegen.

Uvêret «Dagmar» har gjort store skader, og på grunn av problem med telekommunikasjonen er det mange stader ein ikkje har oversikt over kor store skadane er.

I Hornindal er dei framleis utan både straum og telefon. Ordførar Anne Britt Øen Nygård var tysdag til Nordfjordeid for å få kontakt med omverda.

Då NRK snakka med ho på telefon kunne ho fortelje om store materielle skader i kommunen. Verst har det gått utover vegen mellom Hornindal og Otterdal.

– Her er nesten to kilometer av vegen vaska vekk. Det er ikkje mogleg å komme forbi med bil, men det går an å gå her, seier ordføraren.

Ho har vore i kontakt med dei som bur i den vesle bygda Otterdal, og alt skal stå bra til med dei.

Politiet opplyser tysdag kveld at dei 11 personane som bur i bygda ikkje vil evakuere. Det skal heller ikkje vere behov for tvangsevakuering på dette tidspunktet.

Store tre som har velta over ende har også gjort stor skade, i tillegg er det materielle skader på ei rekkje hus og andre bygningar. Til alt hell er det ikkje meldt om at personar har kome til skade.

Det er oppretta eit kriseteam på omsorgssenteret, og dei som treng hjelp kan ta kontakt her.

– Vi håpar å få straumen tilbake i løpet av tysdag kvelden, men det er veldig usikkert, seier Øen Nygård og legg til:

– Det er ein veldig spesiell situasjon vi er i.

Leiaråtferda til viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde kan ha vore til hinder for eit forsvarleg arbeidsmiljø for ein varslar i føretaket. Det gjer at styret må ta grep.
Leiv Thomas Faulkner måtte bli bråvaksen då han som 19-åring fekk beskjeden om at farsarven var brent ned og at alle eigedelane var vekk.