Hopp til innhold

Her vart det i trongaste laget

Føraren trudde han var på veg til utkikksposten Stegastein, men der tok han kraftig feil. Dermed måtte bygdefolket trå til for å hjelpe.

Buss på ville vegar i Aurland

SOM HAND I HANSKE: Bussen hadde ikkje mykje plass å gå på når føraren og bygdefolket skulle prøve å få den ned igjen på fylkesvegen.

Foto: Privat

For i staden for å følgje fylkesveg 243 vidare mot utkikksposten Stegastein i Aurland, tok bussen av før sentrum, ved Hopen og mot Ryggjatun, og hamna oppe i eit byggjefelt med svært smale vegar. Dermed vart det litt av eit styr for bussen med dei asiatiske turistane, å komme seg ned att.

– Den kunne fort ha velta. Han heldt på å køyre utfor ein mur, og på nokre stader var bakhjulet i lufta, fortel Tori Pedersen.

Etterlyser betre skilting

Saman med fleire andre som bur i byggjefeltet måtte ho trå til for å hjelpe bussen ned igjen frå byggjefeltet med dei smale vegane. Det var ikkje ei lett oppgåve, verken for hjelparane eller den russiske bussføraren. Bussen tok nedi fleire stader både framme og bak. Pedersen og fleire meiner skiltinga er for dårleg.

– Dei bør ha skilt i Hopen som viser kor dei skal køyre for å komme til utsiktspunktet, eller eit blindveg-skilt opp forbi oss i Bakkane, seier ho.

Ein turistbuss fekk det tøft på smale vegar i eit byggjefelt i Aurland.

GOD HJELP: Det var kanskje ikkje den kjekkaste turen dei har hatt, men føraren fekk i alle fall god hjelp av bygdefolket, også fotografen. Foto: Privat

For dette er ikkje første gongen dette har skjedd. Både bussar, campingvogner, personbilar og motorsyklar køyrer feil her. Pedersen fortel at fleire har forklart at det er GPS-en som sender dei denne vegen.

– Kvar dag om sommaren er det nokon som køyrer feil, men det er verst for bussane, for dei sett seg jo nesten fast.

Ordføraren lovar betring

buss står fast i aurland

TRØBBEL: Bakhjulet på bussen var i lufta fleire gonger under redningsoppdraget.

Foto: Privat

Også ordførar Noralv Distad (H) kjenner til problemet.

– Sjølv om det i utgangspunktet skulle vere relativt klart kor vegen går, så har det vore såpass mange tilfelle at vi må gjere tiltak. Dette må vi finne ei betre løysing på.

Han fortel at eit tiltak som tidlegare blei sett inn, var å gjere ein av vegane inn til byggjefeltet tovegskøyrd i staden for einvegskøyrd. Dette for at dei som køyrer feil skal kunne komme seg ned att på fylkesvegen.

– Men eg er samd i at det ser ut til at det ikkje er godt nok. No har vi sett på korleis vi skal skilte det, og det er bestemt at det skal bli skilta med forkøyrsveg på heile fylkesvegen til Stegastein, seier Distad.

I denne samanheng vil dei også sjå på moglegheitene for å setje opp skilt i Hopen eller eit skilt om blindveg inne i byggjefeltet.