NRK har fått fleire tips om utforkøyringar og trafikale problem grunna snøfallet.
Mellom anna er det manuell dirigering på riksveg 5 i Naustdal etter at ein septikbil mista ein container med kloakk.
- HAR DU TIPS? KONTAKT OSS PÅ TIPSPORTALEN ELLER SEND EPOST TIL SF@NRK.NO
Tor Erik Nybø Ones køyrde onsdag morgon frå Hafslo til Leikanger. Han fortel om glatte vegar.
– Spesielt frå Hafslo til Sogndal. Då eg kom ned Årøyane stod ein bil med fronten opp frå djupe grøfta og i bakken ved Statoil-stasjonen stod ein personbil som hadde spunne seg på tvert. Alle prøvde å komme seg forbi samstundes, slik at bilen ikkje kom seg vekk, seier Nybø Ones.
– Livsfarleg
Ved Halbrendslia på E39 i Førde står eit vogntog og legg på kjettingar i ein sving.
– Det er livsfarleg, seier ein uroa bilist og ber folk vere merksame.
Frå Sogndal blir det meldt om full stogg mellom Kaupanger og Sogndal grunna ein bil som står i vegbana. Også i Svarstadsvingane mellom Stryn og Hornindal har det vore problem i morgontimane.
- LES OGSÅ: – Yrkessjåførane risikerer dagleg livet
– Det står to vogntog i retning Eid/Hornindal ved avkøyrsla til miljøparken i Stryn. På kjettingplassane står det fleire og legg på kjettingar, seier Svein Otto Espe.
(Artikkelen held fram under videoen)
Politiet dirigerer
Espe køyrde onsdag morgon i retning Stryn. Før Svarstadsvingane åtvara ein møtande bilist han med naudblink. På veg ned svingane kom eit vogntog i hans køyrebane i eit forsøk på å komme seg opp.
Politiet kom til staden for å dirigere trafikken.
– Mange lastebilar køyrer opp utan kjetting, men om det skulle bli stogg så kjem dei seg ikkje vidare. Då oppstår det fort skumle situasjonar, spesielt om det skulle komme tunge bilar i begge retningar, seier Espe.
– Kvifor er det så glatt?
– Det er kram snø som kjem, og med det same du får rotasjon på dekka, så blir det veldig, veldig glatt. Den krame snøen polerer vegbana om du byrjar å spinne.
(Artikkelen held fram under videoen)
– Folk fortvilar
Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier at dei den siste timen har fått mange telefonar frå vegfarande.
– Det gjeld svært glatt veg, dårleg brøytt veg og at det heng tre ned mot vegbana. Folk fortvilar over vanskelege køyreforhold og at det tek lengre tid enn dei er vande med å komme seg dit dei skal, seier Stadheim og legg til at politiet er framme for å løyse utfordringane i Svarstadsvingane og mellom Kaupanger og Sogndal.
– Ifølgje entreprenør skal alt mannskap vere ute på brøyting og strøing, men det er jo det med å rekkje over alt, legg han til.